Prosjektet: 4

Irina nærast kasta seg dei siste metrane til hòleopninga. Bjørnane var like i hælane på henne, men ho hadde sett opp forsvarsverk vovne saman av magi og sølv. Ho rakk akkurat å spenne dei for, og den fremste bjørnen bråstoppa, nesten komisk.

Ei låg summing og krasling starta bak henne, og lyslarvane som hang frå taket tende bakkroppane sine og kasta eit blåleg lys.

“Takk,” sa ho og smilte litt. Ho budde pÃ¥ den vakraste plassen i heile verda.

Bjørnane utanfor glefsa og snerra. Dei kom til å vere der resten av natta, så ho kunne like godt gå lenger inn i hòla.

Ho hadde budd der i to år, hadde innreidd ein fin soveplass på eit platå ovanfor vatnet som rann over golvet. Det einaste mementoet ho hadde frå familien var eit raudt silkesjal, det låg under puta ho hadde laga av andedun ho hadde samla sommaren før. Ho tak det fram, let det gli glatt mellom hendene sine. Nokre bokstavar var brodert på i gull, men ho kunne ikkje lese, så ho visste ikkje kva dei tydde. Imellom var ho bekymra for at ho skulle gløyme korleis ein snakka òg, det var sjeldan ho såg andre folk, og ho gøymde seg stort sett for dei ho såg. Dei reagerte som om ho òg var ein hamløypar.

Det gikk ei stund før ho merka kor stille det hadde blitt. Bjørnane var borte. Ho gikk opp til sølvporten. Ingen spor av dei. Dei måtte ha blitt tiltrekte av noko anna. Det skulle ikkje vere noko som skulle tiltrekkje dei ute i skogen etter mørket fall.

Ho måtte undersøkje.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.