Prosjektet: 9

Brede summa inn i auditoriet. 

Han ville ikkje gå glipp av ei førelesing, sjølv om professor Vu ikkje ville skrive han opp på lista over dei som var til stades.  Utdanninga hans ville gå vidare, sjølv om han var ei humle. Han skulle bli den høgst utdanna humla i heile kongeriket.

Og kanskje han ville få eit hint om korleis han skulle bli ein mann igjen.

Batteriet hadde ladd seg opp nok til at han kunne bruke energien til omvandlinga, men han rakk ikkje med dei nye, korte lemmene sine mellom leiarane. Ingen kontakt tydde ingen energi.

Ein medstudent slo etter han. Humlesansane hans gav han god åtvaring, så han var langt unna der ho ville ha treft han.

Han måtte nærare tavla for å høyre, humla høyrde ikkje så godt som han hadde gjort som menneske.

“Kvar er Brede? ” sa Marek, som pla sitje ved sida av han.

Eg er her! Brede forsøkte å rope det, men humla hadde ikkje stemmeband eller tunge.

Han flaug nokre rundar rundt hovudet til Marek, men blei berre slått halvhjarta etter.

Klassen slo seg til ro, og professor Vu kom inn i rommet. Han hengte frakken sin på stumtenaren, la kofferten på kateteret, og plukka eit stykke krit frå skuffen.

“I dag,” sa han, på same måte som alltid, “skal vi diskutere omvandling vidare.”

Brede klarte ikkje å halde seg i ro, men flaug eit par rundar i lufta.

Kva som skjedde så fekk han ikkje med seg. Det blei svart rundt han, og veggane var tronge.

Han var i ei fyrstikkeske.

Leave a comment