Hamløyparane: 25

Irina kasta seg bak eit tre. Nokon stod og grov eit hol i marka ved sida av stien. Det var ei kvinne, kanskje kring førti år gammal, korrekt i kjole, etter det Irina forstod, og stråhatt.

Dei tre søstrene hadde overtydd henne om å bli med dei inn i byen, dei ville visst at ho skulle bli med dei inn i huset deira. Ho hadde gått frå dei rett innanfor murene, rekna med at dei fann vegen heim sjølv.

Kaia og Eline hadde klemt henne rundt livet, og sagt at dei ville sakne henne, men Siv såg berre beklemt ut.

Ho hadde vandra litt rundt etter det, men alle stira på henne, og det var vel ikkje rart, ho såg at ho ikkje såg ut som dei. Då ho var lita hadde ho hatt kjolar som dei, og ho hugsa ein liten, lyseblå hatt med silkeband. Men det var ikkje spesielt mykje bruk for underskjørt og hovudpryd aleine i skogen.

Kvinna var visst ferdig med å grave, ho klatra ut av holet og opna ein bag ho hadde ved sida seg. Ho verka underleg kjend. Ut av bagen trekte ho svarte sekkar med noko tungt i, kasta dei ned i holet, og byrja å skyfle jord oppå.

“Eg ville grave eit djupare hol,” sa Irina.

“Kva?”

“Kva heiter du?”

“Irina?”

“Ja.”

“Kva gjer du her? Eg trudde de hadde flytta.”

“Kva? Nei.”

“Men kvar blei de av, då?”

Irina såg ned. “Dei døydde.”

“Å nei. Stakkars vesle Irina.”

“Eg hugsar deg berre såvidt. Kven er du?”

“Eg er søstera til mora di.”

Leave a comment

Hamløyparane: 24

Brede tumla ut av syltetøyglaset over på skrivebordet sitt. Det måtte vere hans, han kjende det igjen, og det låg notatark rundt han med hans eiga handskrift. Berre gigantisk, liksom.

“Ser han ikkje betre ut?” sa ei stemme. Det var ikkje Artur, han hadde blitt van med stemma til Artur, og dette var ikkje stemma hans. Det var ei damestemme, og han burde kjenne den igjen, det visste han, langt inne i den vesle humlehjernen sin.

“Jo, kanskje,” sa Artur. “Kan du bevege deg, Brede?”

Brede kravla seg på beina. Han følte seg svak, men med seks bein i staden for to var det lettare å halde balansen. Det var for kaldt i kroppen hans til at han kunne fly, og han hadde ikkje energien til å vibrere fllygemusklane, men han kunne gå. Litt, i alle fall.

“Skjønner du noko?” sa Artur, men ikkje til Brede.

“Eg kjenner formularet han har brukt, det heng framleis i lufta. Kor lenge var det du sa det var sidan han blei forvandla?”

“Tre dagar.”

“Det burde vore meir… Forsvunne, liksom. Han må ha hatt ekstra energi.”

Det måtte vere Anneli. Den smartaste jenta i klassen. Og ho var på rommet hans! Hadde han rydda alt undertøyet over i skitentøyskorga? Han hugsa ikkje, og det var umogleg å sjå. Han hadde ikkje støvsugd på minst to veker, så det fekk berre vere som det var.

“Kva er desse tønnene?”

“Veit ikkje, har han sagt noko til deg.”

“Nei, men det har vore ganske vanskeleg å kommunisere.”

“Hmm…”

Inni seg skreik Brede. Han visste ikkje korleis han kunne bli forvandla tilbake, men om det var nokon som kunne, var det Anneli. Ho måtte ha all informasjonen ho kunne få. Han kravla over til eit av notatarka, håpa dei ville leggje merke til han.

“Kva er det han driv med?” sa Anneli, og Brede høyrde særleg den melodiske klangen av stemma hennar.

“Eg trur kanskje han prøver å vise oss noko,” sa Artur.

“Wow. Det er notat frå professor Vu sin time. Eg hadde nesten gløymd at han gikk i same klasse som oss.”

Hjartet til Brede kunne ikkje søkke spesielt langt, men det kjendest som at det fauk nedst i brodden hans, og han kunne ikkje dra den tunge bakkroppen i nokon retning.

“Det var den timen han snakka om korleis ein kan seie formular som krev meir energi enn ein einsleg person kan bruke sjølv. Vu snakka om å bruke fleire magikarar, men det er tydeleg at Brede fann ein måte å gjere det på eiga hand.”

“Tyder det at du kan forvandle han tilbake?”

“Kanskje. Om vi finn nok energi. La meg snakke med professor Vu.”

Nei!

Leave a comment

Hamløyparane: 22

Mira fortsette å partere liket mekanisk, stengte alle tankane ute. Så lenge ho ikkje mentalt handsama det ho dreiv med gjekk det liksom bra.

I kjøkenskapet fann ho ein rull med søppelsekker. Ho pakka kvar likdel dobbelt i søppelsekk, og la det ho fekk plass til i ein stor koffert.

Ho vurderte å gjere kofferten lettare med magi, men måtte nesten kaste opp berre av tanken.

Ho trong ein spade. Ragnar hadde noko verktøy i bua i kjellaren, men ho trudde ikkje han hadde kjøpt spade nokon gong. Men det var best å sjekke.

Til vanleg tok alle heisen, så ho tok trappa, ho ville ikkje ta sjansen på å møte nokon. Ho trudde ikkje ho kunne svare om dei spurde henne om noko, uansett kor uskuldig spørsmålet var. Ho ville berre bryte saman.

Det var ikkje spade i bua, men det var ein i fellesområdet. Ein passiv-aggressiv lapp frå styret formante lånarar å levere tilbake alt dei lånte. Ho kjende eit stikk av dårleg samvit, for ho visste ikkje kva som kom til å skje med spaden.

Men ho kunne kjøpe ein ny seinare.

Liket veide for mykje til at ho kunne ta heile i kofferten, sjølv om det hadde vore plass. Ho let berre delane ho ikkje fekk med seg liggje på golvet, låste etter seg, skrudde på alarmen.

Alle stira på henne på veg mot byporten. Ingen sa noko høgt, men ho kunne føle dei kviskre til kvarandre.

Vaktene spurde henne kva ho skulle, men dei sleppte henne gjennom, og ho visste ikkje kva ho sa.

Langt nok frå muren til at dei ikkje kunne sjå eller høyre henne stoppa ho og byrja å grave.

Leave a comment

Hamløyparane: 21

“Kan du gjøre noko?”  sa Artur.

“Eg veit ikkje,” sa Anneli.

Artur var skuffa. Ho var den einaste han kunne komme på å spørje. “Men du må…”

“Fortel meg alt du veit, då.”

“Eg fann han for fire dagar sidan. Då var han heilt frisk, han klarte å forklare kven han var og alt.”

“Kven er han?”

“Sa eg ikkje det? Det er Brede, frå klassen vår.”

Han hadde bore slapp allereie då Artur vakna den morgonen. No bevegde han nesten ikkje på seg.

“Kva veit du om humlefysiologi?” sa Anneli.

“Ikkje så mykje. Vi har ingen bøker om dei, berre bøker om magi som eg ikkje kan bruke.”

“Kanskje humler ikkje lever meir enn nokre få dagar, kanskje han ikkje har meir tid.”

“Det er døgnfluger.”

“Kanskje han er for kald, eller for varm.”

Artur plukka han forsiktig opp og la han på lommetørkledet sitt, plasserte han nærare omnen. “Kan du ikkje gjere han til menneske igjen?”

“Veit du kva som skjedde? Eg må vite meir for å vite kva slags motformular eg skal bruke.”

“Men du trur du kan gjere det?”

“Kva skal eg seie? Eg er kanskje av dei betre i klassen, men eg er langt frå utlært, så eg skal gjere det eg kan.”

Han skauv lommetørkledet litt nærare omnen. Brede rørde såvidt på eit par av beina.

“Kvifor bryr du deg sånn uansett?” sa Anneli.

Artur måtte tenkje. Han hadde berre gjort det han kunne. “Vel, eg kan ikkje seie at han er ein venn, ikkje eigentleg, ikkje før no, men vi går i same klasse, og ein vakker dag kjem eg til å vere ansvarleg for alle, gjer eg ikkje?”

“Kan vi dra heim til han? Kanskje det er spor der.”

“God idé.”

Leave a comment

Hamløyparane: 20

“Kva er dei?” spurde dei minste jenta. Ho stira opp i taket, med open munn.

“Dei er lyslarvar,” sa Irina. Ho plukka ned ein, den byrja å kravle rundt handa hennar.

“Den er kjempefin,” kviskra den lille jenta. Irina let den klatre over til handa hennar, ho lo då den kilte henne.

“Eg er svolten,” sa den mellomste jenta, men den eldste hysja på henne.

“Nei, det er greitt,” sa Irina. “Dei må få ete.”

***

Ho følgde Siv, Eline og Kaia til byen så fort det blei lyst. Ingen av dei hadde sove spesielt bra, og dei to yngste hadde byrja å bli grinete. Kaia hadde halde på humøret lengst. Ho elska lyslarvane, og gjekk rundt og gav dei namn. Men til slutt blei kulda, mangelen på mat og alt dei hadde vore gjennom for mykje for henne, og ho byrja å spørje etter “mamma”.

“Kva var det eigentleg som skjedde?” spurde Irina då dei hadde byrja å gå.

“Eg veit ikkje heilt,” sa Siv.

“Fortel meg kva du veit.”

“Eg skulle følgje Eline og Kaia heim frå SFO, det hugsar eg.” Ho leidde ei søster i kvar si hand, måtte nesten dra dei med seg. Irina løfta Kaia og bar henne på armen. “Eg hugsar kongelege vakter, dei stoppa oss, sa at vi ikkje kunne gå ei av gatene vi alltid går, sa det var vegarbeid der, eller noko.”

“Og så?”

“Så er det veldig uklart. Eg trur dei peika på ei anna gate vi kunne gå, og så gjorde vi det, og så blei alt plutseleg svart, liksom.”

“Og så var de i skogen?”

“Ja,” sa Siv. “Bundne til treet, og så var det ikkje lenge før prinsessa og du kom.”

“Prinsessa?”

“Ja, prinsesse Penelope kom, visste du ikkje det? Du sa at vi måtte springe frå henne.”

“Eg visste berre ikkje at det var prinsessa.”

“Korleis kan du ikkje vite det?”

“Lat oss berre seie at eg ikkje følgjer med i sladderblada.”

Leave a comment