Eg likar Damaskus, eg

Khaled spurte meg, i bilen på veg frå flyplassen, om eg lika Kairo eller Damaskus betre. Eg likar gamlebyen i Damaskus best i heile regionen. Av alt eg har sett her.

Det er noko med alle desse menneska som tassar rundt i nattkjole, alle Jomfru Maria-ene og Jesus-ane og dei bittesmå butikkane der dei kjenner deg att og vert glade for å sjå deg. Og det er noko med å bu innanfor mange tusen år-gamle bymurar. Og folk er berre koselege.

Leave a comment

Bilete frå Kairo: dag 2

Dag to i Kairo. På det egyptiske museet er det forbudt med kamera, men eg såg sarkofagar og mumiar og denslags.

Twitter set: http://www.flickr.com/photos/44513669@N04/sets/72157622831160626/

Leave a comment

Kairo: dag 1 – pyramidar, Sfinks, marked

PÃ¥ Flickr: http://www.flickr.com/photos/44513669@N04/sets/72157622823892322/

Bileta er i totalt feil rekkefølge, og tatt med to ulike kamera. Kos dykk!

Leave a comment

Endeleg: nokre bilete fraa skulen

Eg har hatt *litt* problem med aa lasta opp bilete dei siste vekene/maanadene, men her kjem nokre av bileta eg tok av skulen.

Leave a comment

Til Egypt

Eg drar til Egypt paa maandag. Der skal eg vera fram til fredag.

Eg gler meg.

Eg skal treffa Nadia igjen.

Eg skal sjaa pyramidar. Eg skal sjaa Sfinksen. Eg skal sjaa Nilen. Eg skal til Alexandria. Eg skal til Afrika!

Eg skal ikkje stressa. Eg skal ikkje sitja paa internett to timar om dagen i tre dagar for aa bestilla billettar. Eg skal ikkje ha daarleg samvit for aa ikkje gjera lekser.

Eg skal paa ferie!

Leave a comment