week 4

Dag 29

Ord i dag: 1945 (759 eigentleg)
Ord totalt: 50131

50131 / 50000 words. 100% done!

Tok med orda frå notatboka, der eg har skrive ei kort forteljing om Erle.

Men no er eg ferdig… Ja!!…

Og må skynde meg og gjere ferdig Erle frå i fjor for å levere til manusseminaret til Samlaget. Hadde vore veldig kult å få vere med på.


“Nei, vent!” sa Heltepetter. “Eg ønskjer at eg ikkje har magiske krefter meir!” Han ønskja så hardt han kunne. Han merka ikkje noko skilnad, men han prøvde ikkje å gjere noko heller. “Ok, send meg heim.”

Så stod han midt på torget, framfor rådhuset, i sin eigen landsby, og korkje visdomsdragen, kongen, eller nokon av prinsessene var saman med han.

SLUTT

Leave a comment

Dag 28

Ord i dag: 3880
Ord totalt: 48186

48186 / 50000 words. 96% done!

Ein veldig god dag, etter ein dårleg i går. Har berre såvidt litt over ein dagsporsjon igjen. Woot!

No arbeider historia mi aktivt mot meg. Eg har fått inn ein ny karakter og ein ny profeti. Det held i alle fall ordmessig til 30. november, men dette blir ureddeleg.


Trollmennene byrja å gå rundt i ringen. Dei heldt kvarandre i hendene, dei gikk først to skritt til venstre, så to skritt til høgre. Så gikk dei to skritt inn i ringen, så den blei mykje mindre, så ut igjen, så ringen blei større. Og så heiste dei opp høgre fot og sparka den til venstre. Så byrja dei på nytt igjen, gikk til venstre, så til høgre, etc.

Eit gigantisk lysssøyle starta å forme seg inne i ringeen, mellom alle trollmennene. Heltepetter kunne ikkje sjå kva som foregikk inne i lyssøylen før den blei litt mindre lyssterk etter eit minutt eller så. Han såg noko som såg ut som eit menneske, krøket over, det bøyde seg meir og meir over, før det blei heilt borte igjen.

Leave a comment

Dag 27

Ord i dag: 970
Ord totalt: 44306

44306 / 50000 words. 89% done!

Å nei! Eg skreiv korkje NaNo eller Vest-Sahara-ting i dag! Men har ny mobil, då. Det er fint. Men det tok nokre timar å få satt den opp.


Heltepetter såg utover sjøen med folk som no såg mot han. Han var ganske sikker på at eit ganske lite mindretal faktisk kunne sjå han. “Drage,” kommanderte han, han hadde aldri kommandert før, men han likte det visst godt, kjende han, “la meg klatre opp på ryggen din.”

Sverdet låg framleis i den høgre handa hans, det skein som eit verkeleg magisk sverd. Heltepetter stod breibent på drageryggen, han håpa at han ikkje ville falle av, då måtte han berre abdisere.

Leave a comment

Dag 26

Ord totalt: 43 336
Ord i dag: 2335

43336 / 50000 words. 87% done!

Om eg berre klarar dei siste dagane no, så skal dette gå bra. Men eg må skrive nokre andre tekstar, så vi får no sjå.


Men, han var Heltepetter, og det ville han alltid vere. Han tråkka på ein av dei sleipe fiskane, og tryna med munnen først i sjøen av havets sølv. Han sat ein liten fisk i halsen, og heldt på å døy inntil kong Astrono kom til han med ein hendig heimlich-manøver.

Fisken skaut ut halsen hans, gjennom den opne munnen, forbi tennene som hadde trunge ein real omgang med tannkosten, og trefte kong Somal i auget. Den aldrande kongen greip seg til andletet, mista balansen og skleiv på det sleipe golvet. Han landa med hovudet først på ein bar bit av marmoren.

Det gav ein ekkel lyd.

Visdomsdragen var den første som klarte å ta seg over til den falne monarken.

“Daud,” sa han, og ville ikkkje seie meir.

Leave a comment

Dag 25

Ord i dag: 1957
Ord totalt: 41001

41001 / 50000 words. 82% done!

Write or die <3


“Kvifor var du i skogen?”

“Eg måtte finne noko. Nei, nokon.”

“Kven?”

“Eg trur…” sa kongen. “Eg trur eg hadde ein son. Han blei borte.”

“Når?” sa Heltepetter, som fikk ei dårleg kjensle.

“Det må ha vore… nesten tjue år sidan. Nei, søtten-atten.”

“Å,” sa Heltepetter. Han orka ikkje meir av dette.

“Visdomsdragen forklarte ein profesi som sa at eg måtte finne han.”

“Å,” sa Heltepetter. Han lika ikkje heilt at det var to liknande profesiar som han godt kunne passe inn i.

Leave a comment