genser

Angoragenseren

Endeleg ferdig. Måtte kjøpe grå babyull for å lage belegg over klippekanten, men elles heldt det med 150 gr angoragarn.

Sorry at bildekvaliteten er noko suboptimal, eg tok dei med mobilen, og leilegheita mi er ganske mørk.

Angoragenseren Angoragenseren Angoragenseren

Den røystar som eit uvêr (eg fikk stadig garnflisar i nesa), men eg såg eit tips ein plass på internetten om å leggje den i frysaren eitt døgn og så gå over med klesrulle, så eg prøver det.

No gler eg meg til sommaren så eg kan bruke den!

2 Comments

Danielstrikk

Eg har lese masse strikkebloggar i det siste, så eg tenkte eg skulle vise fram noko av det eg har strikka i det siste.

Først strikka eg ei bukse i patentstrikk til Daniel. Eg ringde Mamma og spurde kva ein eittåring trong, og det var det ho svarte. Dette er den einaste oppskrifta eg fann på garnstudio for patentbukse.
CIMG4685

Så fann eg kjekkasgenseren på pickles, og berre måtte strikke den.
Kjekkasgenser

Og så fann eg ut at eg skulle eit par vottar som han nok kan vekse inn i.
Mann- og konevottarMann- og konevottar
Det er ikkje så lett å sjå her, men det er altså ein mann og ei kone på vottane.

Leave a comment