sysaker

Sying: nålebok og …fail

Så, eg har sett etter ny sånn liten ting til å ha reisesysaker i. Eg har ein gul plastboks som no ikkje lukkar seg ordentleg, så eg ville ha ny. Eg har sett etter noko ganske lenge, men ikkje sett noko eg likar.

Eg tenkte at eg kunne lage det sjølv.

Først laga eg ei nålebok til alle nålene mine, etter inspirasjon frå ein eller annan blogg. Nåleboka er to bitar med restestoff med ein bit med restefilt imellom. Her er den:
nålebok2 nålebok

Men så var det denne boksen/veska/mappa, då. Eg tok glidelåsen frå ei pensjonert olabukse. Den var diverre ikkje så lang som eg håpa. Og 10×7 cm var ikkje så stort som eg trudde.
Så denne sysakmappa er for liten, for trong, og ikkje spesielt pent sydd.
mappe 1 mappe 2
Det er så vidt plass til saksa, nåleboka og ein papplate med sytråd rundt.

Så eg må kjøpe ein lengre glidelås, og tenkje meg om ein gong meir før eg syr. Og kjøpe noko fyllstoff som ikkje er filt (eg har dessutan nesten ikkje meir igjen).

Men saksa eg kjøpte er søt.
saks

Leave a comment