oslopakket

NaNoWriMo 2017: dag 10

Eg gløymer visst heilt bort å skrive noko her. Håper de ikkje er altfor skuffa. Eg har det hyggeleg med å skrive, da, eg kan skulde på det. Og sjølv om eg tar det med ro og har 1000 ord som dagleg mål, ikkje 1666, ligg eg ikkje meir enn omtrent 2000 ord bak det “offisielle” målet.

Det største problemet eg har er cirka ein million namn som eg ikkje har funne på ennå. Det er litt keisamt at alt heiter NAMN og NAMN-gjengen og NAMN-bydelen.

Dag 9
Porten var på nøyaktig den staden eg forventa, på same plassen som heime. Det var den same bratte bakken opp til midten, men elles var det ganske annleis. I staden for litt anonyme, gamle, firkanta bygg var det høge, skarpe. Det var nesten fleire tårn enn det såg ut til at var mogleg, fysisk altså. Kanskje eg hadde gjort ein tabbe ved å komme hit. Plantane var òg annleis. Eit heilt bed av dei var djupt mørkelilla og lukta søtt og farleg. Dei var veldig vakre.

Dag 10
“Går det bra med deg?”
“Ja da,” sa ho og smilte. “Eg berre keier meg.”
“Var dei skuffa over at du ikkje hadde anheget?”
“Skuffa? Det var det minste. Dei var rasande.”
“Eg,” byrja eg, men eg kunne jo ikkje fortelle henne at det var mora hennar sin feil, i alle fall potensielt, at eg var her. Hadde nokon sagt at det var pappa hadde det jo gått heilt fint, men Cora var jo ubetinga glad i mora si.
“Kva?” sa ho.
“Ingenting,” sa eg. “Eller, eg har det framleis. Eg torde ikkje å seie noko til foreldra dine.”
Eg leitte etter beltepungen. Den var ikkje der. “Faen,” sa eg, heilt stille. “Nå har dei det.”

Word count: 14512

Leave a comment

NaNoWriMo 2017: dag 7

Har lite energi for skriving i år, og dermed skjer det meste av skrivinga under ordkrigar. Og dermed skjer det mykje rart.
“Neivel,” sa eg innbitt. “Kvar held FEILSTAVA NAMN til?”
“NAMN?” spurte mora til Cora. “I NAMN-bydelen.”
/
Nokon skreik bak meg. Det var Cora. Ho blei heldt fast av ei kvinne i noko som verka som ei rosa ninjadrakt.

Eg har eit notat om at eg må finne på namn. Det er ganske mange ting som berre heiter NAMN til nå. Og eg byrjar å bli kraftig lei av at “mora til Cora” nesten rimar.

Dag 6
“Kan vi få gitt ein beskjed til dei, så dei veit at dei ikkje skal bekymre seg?” sa mora.
“Eg har nokre kontaktar som kan krysse over når dei vil. Om du, Mia, klarer å finne på noko å seie til dei kan vi få overbrakt det.”
Eg såg raskt på Cora. Faren hennar visste tydelegvis ikkje at ho kunne krysse. Ho hadde ikkje fått meg til å love at eg ikkje skulle seie noko om det, men eg sa ingenting likevel. Det verka som ei god hemmelegheit å ha. “Eg skal tenke på det, eg veit ikkje heilt kva eg kan seie.” Det var jo heilt sant, berre ikkje på den måten dei trudde. Pappa kom sikkert til å bli like glad over at eg var borte, og mamma ville ikkje tore å ringe til politiet.

Dag 7
“Kva er det som er så spesielt med desse tinga? Nøyaktig korleis fungerer dei? Utanom at alle er redde for at nokon skal bruke dei, da.”
“Eg aner ikkje. Det er ein eller annan type magi.”
“Men sa du ikkje at den eine gjengen faktisk bruker magi? NAMN FEILSTAVA?”
“Jo, det er det som er så rart. Det er magi, men dei forstår like lite som oss av det.”
“Er det fleire typar magi, altså?”
“Ikkje veit eg, eg er ikkje ein magikar.”
“Det må vere det. Interessant. Er tinga like gamle som byen?” Byen var ikkje særleg gammal, frå det Cora hadde sagt, så det kunne jo vere eit eller anna der.

Word count: 9519

Leave a comment

NaNoWriMo 2017: dag 4

Travel dag: skifta dekk og gjorde ein heil skokk med inneprosjekt med pappa. Likevel skreiv eg omtrent 1700 ord! Mia har framleis ikkje så mykje personlegheit, men Andrebyen byrjar å vekse fram, så det er jo noko.

Dag 4
“Så du kom tilbake igjen, Cora,” sa ryggen til ein høg stol. Vi var i eit bibliotek, med tunge, høge bokhyller, støvete strimar med lys og store øyrelappstolar. Det var større enn skulebiblioteket mitt.
“Ja da, eg sa at eg skulle det, far,” sa Cora, men sjølv om ho høyrdest opprørsk ut, styrta ho fram og fekk ein ærleg klem av faren sin.
“Men kven er dette?” Han høyrdest plutseleg alvorleg ut, og eg skjønte at før hadde han berre vore tulle-alvorleg.
“Dette er Mia, far. Ho fall gjennom og nå kjem ho ikkje tilbake ut igjen.”
“Så kva gjorde du for å hamne i Andrebyen, Mia?”
“Eg? Eg gjorde ingenting!”
“Ho veit absolutt ingenting, far,” braut Cora inn. “Eg har fortald henne litt, men eg trur eg har sagt nokre ting som er geil. Ho trudde ikkje på magi eingong!”
“Neivel,” sa faren tankefullt. “Mia, vil du bu her i nokre dagar til vi finn ein måte å få deg tilbake til din eigen by igjen?”
“Ja gjerne, tusen takk,” sa eg og hugsa å vere høfleg.

Word count: 6735

Leave a comment

NaNoWriMo 2017: dag 2

Til ære fore Ingeborg, den beste (og einaste) blogglesaren.

På grunn av helsa har eg offisielt mål om å skrive 30 000 ord i løpet av november. Eg kjem til å seie det heilt til eg trur på det sjølv.

Boka heiter så langt Oslopakket.

Dag 1
Da pappa heva handa for å slå stakk eg. Eg veit ikkje kvifor eg ikkje hadde gjort det før, eller kva det var som fkk begeret til å renne over denne gongen. Men eg blei berre så sint, eller så redd, og eg var rett ved utgangsdøra, og det var lettare å stikke ut den og slamre så hardt eg klarte enn å slå han tilbake. Så stod eg i trappeoppgangen og lurte på kva eg skulle gjere.

Dag 2
“Du må heim. Du har vore her altfor lenge som det er.”
“Eg har vore ute ei natt før!” sa eg indignert, sjølv om det ikkje faktisk var sant.
“Det var ikkje det eg meinte. Du må ut av Andrebyen og tilbake til ditt Oslo igjen, elles så kjem du til å bli fanga her.”
“Kva om eg ikkje vil heim?”
“Du kan ikkje vere mitt ansvar!”
“La meg i alle fall kjøpe frukost til oss først med kortet til NAMN NAMNESEN,” foreslo eg for å hale ut tida. Eg måtte få vite meir om alt det som hadde skjedd.
“Med den der plastgreia? Det kjem ikkje til å gå.” Ho fnyste.
“Det gjekk i går kveld! Trur du NAMN har sperra kortet allereie?”
Ho sukka som om ho var minst tretti. “Det er visst meir du ikkje veit om Andrebyen enn eg hadde tenkt på. Kom igjen.”

Word count: 3777

2 Comments