Tartus

Blogginnlegg frå hotellrommet i Tartus
30. oktober 2009

Tartus er vått.

Det er ein kystby, så ein forventar jo ein grad av vått, men det har nesten ikkje stoppa å regna sidan eg kom. Men men, eg er frå Noreg, eg har budd eit år i Trondheim, eg kan ikkje klaga for mykje.

Då eg gikk av bussen frå Homs regna det ikkje, men alle (sjølv folk som ikkje køyrer drosje) lurte på kvar eg skulle og kva eg gjorde. Eg sa eg berre ville gå litt, som i og for seg var sant, eg ville ta bilete. Eg tok mange bilete av folks vask som var hengt opp til tørk. Det er rart med det, eg likar å ta bilete av folks vask.

Så kom eg ned til kyststripa og cornichen. Då byrja det å regna, så etter å ha spurd ein trafikkpolitimann om retninga, fant eg Det Store Hotellet i Tartus. Eg synest ikkje det var så stort, men så såg eg at det var Grand Hotell. Det var ikkje så fint utanpå, men lobbyen var marmor og blankpussa overflater og alt mogleg. Rom med utsikt til sjøen kosta 1600 pund, 35 dollar. Raymond, eigar av hostellet eg bur på i Damaskus, sa at “top dollar” skulle vera rundt 1000 pund, så eg sa at det var for dyrt. Dei tilbød meg rom med utsikt til byen for 1200 pund.

Eg gjekk ut i regnet igjen, og tok ein drosje til Daniel Hotell, som dei tipsa meg om på Grand og i Damaskus. Sjåføren var eit prov på at ein ikkje alltid kan seia at drosjesjåførar er griske og uhøflege, for eg måtte ikkje betala i det heile. Og han komplimenterte arabisken min, som alltid er koseleg. “Mazbout,” sa han.

Så, eg fikk eit dobbeltrom her på Daniel Hotell for enkeltromspris, av di alle enkeltromma var fulle, med ingenting inkludert. Ikkje frukost, ikkje internett, ikkje stor handduk til dusjing. Men men, 600 pund er langt betre.

Rommet mitt er litt som alt anna her i Midt-Austen, som ikkje er for Saudi-Arabarar. Det er reint nok, men veldig slitt.

Så eg tørka litt og gikk ut igjen. Vandra langs sjøen på cornichen, som ikkje eigentleg er noko å skryta av, svinga innom gamlebyen, som er gamal, men ikkje spektakulær. Litt av grunnen til at eg dro til sjøen nett her i Tartus er at byen ikkje har kjende og berømte ruinar. Eg er lei av ruinar og skal til Krak des Chevaliers, eit korsfararfort, i morgon. Eg vende nesa nedover mot sjøen nett som sola var i ei glipe mellom skylaga, og fikk fem minutt av den berømte solnedgangen. Då var klokka ca. kvart på fem (me gikk over til vintertid i natt). Den (solnedgangen, ikkje klokka) var absolutt vakker.

Så titta eg på fiskarhamna (eg vonar verkeleg eg får lasta opp nokre av bileta frå dette, altså. Eg har ikkje fått til på ein stund, men det er mykje bra bilete, trur eg), som var søt og alt. Ho låg innanfor ein molo, som eg gikk litt ut på for å koma nærare sjøen. Det var ikkje så lurt, for der var det ein kloakkutgang.

Eg åt, kjøpte brus og godteri (ein pose full for berre 295 pund, det vert vanskeleg å koma attende til dyre Noreg), og kom attende til rommet, der eg no sit og skriv blogginnlegg som eg kan ta med til ein internettkafé eller freista lasta opp på hostellet i Damaskus.

Planen for i kveld er: lesa Brisingr av Christopher Paolini på datamaskina, lesa Jonathan Strange and Mr Norrell (er det sånn han skriv namnet sitt? Eg er for lat til å reisa meg opp av senga og ta eitt skritt for å finna det ut) av Susanna Clarke, skriva meir på The Story of a Hero (eg har ni tusen ord allereie, og det er lett å skriva), sjå meir av The Other Boleyn Girl, som er piratkopiert, har dårleg lyd og Natalie Portman, kanskje sjå nokre episodar av The Worst Witch, som eg har fått frå internett og henta frå jobb i sommar.

I morgon skal eg som sagt til Krak. Eg veit ikkje kor lang til det tar, men det er visst ikkje så 100% enkelt å dra dit. Eg må ta bussen mot Homs, og etter 25 minutt be sjåføren om å stoppa ved krysset til Krak, og frå der haike eller ta ein eller anna form for transport dei siste kilometrane. Når eg skal eg attende til Damaskus må eg ta same prosessen frå krysset. Det går nok på eit vis, det gjer alltid det her, alle er veldig hjelpsame.

Når eg kjem heim, vonaleg ikkje altfor seint, er det fest på hostellet.

3 Comments

Regntida i Damaskus

Og saa starta regntida.

Det har ikkje regna i dag, men kvar dag dei tre dagane foer det har det kome smaa skurar. I gaar var det til og med kjoelig midt paa dagen.

Det er framleis veldig varmt. Morgonane og kveldane er betre, men det ikkje kaldt enno. Dei seier det finst vinter her, dei seier det kjem snoe, men eg klarer framleis ikkje heilt aa tru det.

Det maa vera seinare ein gong.

Me har faatt opp plastflak over bakgarden, der me har sofaar og frokost. I dag saag eg Noel med ein stor bunke tjukke pledd. Er det liksom kaldt?

2 Comments

Bilete fraa Beirut/Libanon

Eg var paa tur 10.-12. oktober.

Beirut var fint. Veldig europeisk, dyrt og liberalt. Eg saag maks ti hijabar i sjoelve Beirut. Det var og mykje militaere der. I Damaskus ser du dei staa rundt med maskingevaera sine og passa paa ting, i Beirut var det det pluss tanks og sandsekkar. I styresmaktomraadet hadde dei mengder med vaktar som passa paa at folk ikkje tok bilete. Ovanfor palasset var alle bygga toemt.

Etter Beirut var eg i Shtora/Zahle, der Libanon sin hovudvinlagar, Ksara, held til. Eg og Hija (Dennis og Michal vart att i Beirut) fikk tur i holene der dei elder vin, og proevesmaking.

Leave a comment

An Excerpt from ‘The Story of a Hero’

I stopped by Main Street on my way from Lord Ashton back to my father’s shop. A commotion could be heard from blocks away, and as I was in no particular hurry, I decided to find the cause.

A great many people crowded the side walks and alleys. I gathered some important personage was to pass through our town; they did from time to time. We were on the main road to Mount Seray, the greatest city and the administrative seat of this region of the country. Trying to get closer to the road to be able to see (I am tall, but not tall enough to see from behind five other people), I asked someone in the crowd who we were expecting.

“It’s Amarin, didn’t you know?” Why would I have asked, if I did? I didn’t say that, just nodded. She was already quite famous after killing that dragon in West Porland, and for refusing the rewards offered by the surviving villagers. I think I quite admired her, even in those days. She was a great role model to the girls I knew; we all wanted to be like her. We borrowed our brothers’ wooden play swords and stabbed at the dark, waving our hands in magic gestures. We’d shout, “boom!” and the bandit or dragon or evil sorcerer would be no more.

Just as I pushed my way to the second row, earning a few elbows in the ribs, which I am sure I deserved, she came riding around the corner. Her horse was tall and dark, and she was dark and beautiful. She was everything I had imagined and more – she was a legend alive. Her arms and legs were clearly well muscled, seen even standing several meters away, yet she held herself with the poise and daintiness of a Court lady. I was not disappointed.

Leave a comment

Om skulen

Ingeborg ba meg om å skriva om korleis det er på skulen. Eg har ikkje tenkt på å skriva om det, for det er eigentleg ganske keisamt.

Dette innlegget handlar om nivå 4. Vonaleg er eg no på nivå 5 (me hadde ei prøve).

Timen startar klokka ni. Om nokon er sein, snikar dei seg til vanleg inn og finn ein ledig pult. Om dei har kome seint mange gonger før, kan det vera at læraren, Safa, krev “shokola” – sjokolade. Det same etter pausane.

Så har me nyhende. Elevane har funne nyhende på TV, i avisa eller på internett, og me les det me har funne opp. Safa skriv opp nokre av dei vanskelege orda på tavla, og me freistar forklara dei på arabisk. Eg forstår til vanleg ikkje kva dei tyder.

Grammatikken kjem etterpå, ca. ein time. Me starta med enkle verblause/nominalsetningar, vidare til verb som tar nominalsetningar. Så lærte me om faala, å setja ord på faala-mønstra. Me hadde masdar, aktiv og passiv partisipp, stadsnomen. Eg kunne alt frå før, så det var ikkje så gøy. Det eineste eg lærte var namna på tinga på arabisk, som i seg sjølv er interessant.

Ca. klokka fem på ti er det pause ti minutt. Me går ut og freistar få litt oksygen, men det er så varmt ute at det ikkje kjennest som at det virkar. Nokre få dagar har AC-en i klasserommet virka, og då er det kaldt. Elles er det varmt. Me har vindauget og døra opne, men det bråkar.

Etter grammatikken er det meir variabelt. Nokre dagar les me ein tekst i gruppe, og pratar om han. Nokre gonger har me hatt teksten i lekse, og då spør me kva orda tyder, elles skjønar me ikkje naudsynleg alt. Så har me klassediskusjon. Der er det dei som er gode til å prata som får øvd seg, for me andre nyttar for lang tid på å konstruera setningar.

Elles har me gloser. På byrjinga av kvart kapittel er det ei tosiders liste med gloser. Det er sjølvsagt ikkje alle orda frå kapittelet eg ikkje kan, så eg må slå opp seinare uansett. Lista med gloser går me gjennom heime, og slår opp dei me ikkje kan. (Og puggar, vil eg tru, men eg var nok litt for lat.) I timen kan me spørja, men igjen er forklaringa på arabisk. Om ikkje Safa forbarmar seg over oss, og seier det lågt på engelsk når me er dummare enn vanleg. Når det ikkje er fleire spørsmål spør ho om tydinga til nokre utvalde ord.

Andre gonger har me ordleikar i gruppe. Det er kryssord og liknande, der det er om å gjera å vera første gruppe ferdig.

Andre pausen er femten minutt rundt elleve. Eg går til vanleg til kantina og kjøper brus og sajj, pannekake med fyll. Nokre gonger tar eg sjokolade, andre gonger ost og tomat.

Ein gong i løpet av dagen hugsar Safa på at ho gav oss lekser dagen før. Det er ei blanding av grammatikkoppgåver og spørsmål frå tekstane me har lese. Nokre gonger må me skriva stil. Ho seier 20 ord per nivå, altså 80 ord til saman. Det er ikkje ofte eg har skrive fullt så mykje. Dei samlar ho i alle fall inn.

Tredje pausen er ti minutt rundt klokka tolv. Då har me ti minutt, igjen.

Dei to siste vekene har me hatt presentasjonar den siste timen. Me har dei i par (på nivå 5 er dei åleine!). Me skal prata i tjue minutt eller meir om eit valfritt emne. Etterpå er det spørsmål og ein freistnad på klassediskusjon. Eg hadde min med ein gut frå Taiwan, om romarriket. Det gjekk sånn passe.

Klokka eitt får me gå heim. Då er det heilt umogleg å finna ein drosje, så me må ta den fullstappa bussen. Ein gong tok den ein heil time. Utan trafikk tar det ca. 15 minutt.

Etter to veker hadde me den første prøva. Ho var i fire delar: lytting, lesing, grammatikk og skriving. Det var ikkje gøy, spesielt lyttinga. Eg fikk fire av ti poeng på den delen, totalt 28,5 av 40 moglege.

Så hadde me ei veke ferie, sidan det var eid (slutten på Ramadan). Det er ikkje vanleg, så eg lurar på korleis det vil gå med ein heil månad i strekk.

Etter to veker til hadde me først ei snakkeprøve. Eg og Sulaf, ei svensk jente, snakka om vassforureining. Det var vanskeleg. Dagen etter, førre torsdag, hadde me den siste prøva. Det var same oppsettet som førre, men eg følte ikkje at det gjekk like ille på lyttinga. Totalt kunne me få 100 poeng, 40 på kvar av prøvene, 10 på snakkeprøva, og 10 for deltaking. Me treng 65 for å stå, om ikkje eg tar heilt feil.

Bilete kjem.

A friend asked me to write about how school is. I hadn’t thought to write about that, because I find it quite boring.

This post is about level 4. Hopefully, I’m now at level 5 (we had a test).

Class starts at nine. If somebody is late, they’ll sneak in and find a free desk. If they’ve been late a lot, the teacher, Safa, might ask them to get “shokola” – chocolate. The same with after the breaks.

Then we have news. The students have gotten news from the TV, newspaper or internet, and we’ll read what we’ve found. Safa writes some of the hard words on the board, and we’ll try to explain their meanings in Arabic. Usually, I don’t understand what they mean.

The grammar is after that, about an hour. We started with simple equational sentences, then had verbs who take such sentences. Then we learned about faala, to put words on the faala pattern. We had masdar, active and passive participles, place nouns. I knew everything from before, so it wasn’t too much fun. The only thing I learned was the names of the things in Arabic, which in itself is interesting.

About five to ten there’s a ten minute break. We go outside and try to get some oxygen, but it’s so hot outside that it doesn’t feel like it’s working. A few days the AC in the classroom has worked, and then it’s cold there. Otherwise it’s hot. We open the window and the door, but that’s noisy.

After the grammar it’s more variable what we’ll have. Some days we read a text in a groupe, and talk about it. Sometimes we’ve read the text before, and then we ask what the hard words mean, otherwise we don’t necessarily understand it all. Then we have a class discussion. Then it’s the people who are good at talking who get to practice, we others use to much time making correct sentences.

Or we’ll have vocab. In the beginning of each chapter there’s a two page list of vocabulary. Of course not all the words I don’t know from the chapter are included, so I’ll have to look them up later anyway. We work through the vocab list at home, and look up the words we don’t know. (And memorize them as well, I suppose, but I was a bit too lazy.) During class we can ask, but the explanation is, again, in Arabic. If Safa doesn’t take pity on us, and say it in English, when we’re stupider than usual. When there are no more questions, she asks what certain words mean.

Other times we have word games in groups. It’s crossword and the like, and it’s a race to be the first group to finish.

The second break is fifteen minutes around eleve. I usually go to the cafeteria and buy a soda and a sajj, a pancake filled with chocolate or cheese and tomato.

During the day, Safa remembers that she assigned us homework the day before. It’s a mix of grammar and questions about the texts we’ve read. Sometimes we have to write an essay. She says 20 words per level, 80 words in total. I haven’t often written that much. We hand them in in any case.

The third break is around noon. Again, we have ten minutes.

The last two weeks we’ve had our presentation the last hour. We have them in pairs (at level 5 they’re alone!). We’re to talk for 20 minutes or more about a freely chosen topic. Afterwards there’ll be questions and a class discussion. I had mine with a guy from from Taiwan, about the Roman empire. It didn’t go too well.

At one we’re allowed to go home. Then it’s impossible to get a taxi, so we have to take the overstuffed bus. Once, it took a whole one hour. Without traffic, it takes about 15 minutes.

After two weeks, we had the first test. It was in four parts: listening, reading, grammar and writing. It wasn’t fun, particularly the listening. I got four out of ten points on that part, total 28.5 of 40.

Then we had one week of vacation, because of Eid (the end of Ramadan). That’s not the norm, so I wonder how it’ll be with a whole month.

Two weeks after that we first had a talking test. Sulaf, a Swedish girl, and I talked about water pollution. That was hard. The following day, last Thursday, we had the last test. It worked the same way as the last, but the listening wasn’t as bad. We could get a total of 100 points, 40 on each test, 10 on the talking test and 10 for participation. If I’m not mistaken, we need 65 to pass.

There will be pictures.

Leave a comment