Tartus

Blogginnlegg frå hotellrommet i Tartus
30. oktober 2009

Tartus er vått.

Det er ein kystby, så ein forventar jo ein grad av vått, men det har nesten ikkje stoppa å regna sidan eg kom. Men men, eg er frå Noreg, eg har budd eit år i Trondheim, eg kan ikkje klaga for mykje.

Då eg gikk av bussen frå Homs regna det ikkje, men alle (sjølv folk som ikkje køyrer drosje) lurte på kvar eg skulle og kva eg gjorde. Eg sa eg berre ville gå litt, som i og for seg var sant, eg ville ta bilete. Eg tok mange bilete av folks vask som var hengt opp til tørk. Det er rart med det, eg likar å ta bilete av folks vask.

SÃ¥ kom eg ned til kyststripa og cornichen. DÃ¥ byrja det Ã¥ regna, sÃ¥ etter Ã¥ ha spurd ein trafikkpolitimann om retninga, fant eg Det Store Hotellet i Tartus. Eg synest ikkje det var sÃ¥ stort, men sÃ¥ sÃ¥g eg at det var Grand Hotell. Det var ikkje sÃ¥ fint utanpÃ¥, men lobbyen var marmor og blankpussa overflater og alt mogleg. Rom med utsikt til sjøen kosta 1600 pund, 35 dollar. Raymond, eigar av hostellet eg bur pÃ¥ i Damaskus, sa at “top dollar” skulle vera rundt 1000 pund, sÃ¥ eg sa at det var for dyrt. Dei tilbød meg rom med utsikt til byen for 1200 pund.

Eg gjekk ut i regnet igjen, og tok ein drosje til Daniel Hotell, som dei tipsa meg om pÃ¥ Grand og i Damaskus. SjÃ¥føren var eit prov pÃ¥ at ein ikkje alltid kan seia at drosjesjÃ¥førar er griske og uhøflege, for eg mÃ¥tte ikkje betala i det heile. Og han komplimenterte arabisken min, som alltid er koseleg. “Mazbout,” sa han.

Så, eg fikk eit dobbeltrom her på Daniel Hotell for enkeltromspris, av di alle enkeltromma var fulle, med ingenting inkludert. Ikkje frukost, ikkje internett, ikkje stor handduk til dusjing. Men men, 600 pund er langt betre.

Rommet mitt er litt som alt anna her i Midt-Austen, som ikkje er for Saudi-Arabarar. Det er reint nok, men veldig slitt.

Så eg tørka litt og gikk ut igjen. Vandra langs sjøen på cornichen, som ikkje eigentleg er noko å skryta av, svinga innom gamlebyen, som er gamal, men ikkje spektakulær. Litt av grunnen til at eg dro til sjøen nett her i Tartus er at byen ikkje har kjende og berømte ruinar. Eg er lei av ruinar og skal til Krak des Chevaliers, eit korsfararfort, i morgon. Eg vende nesa nedover mot sjøen nett som sola var i ei glipe mellom skylaga, og fikk fem minutt av den berømte solnedgangen. Då var klokka ca. kvart på fem (me gikk over til vintertid i natt). Den (solnedgangen, ikkje klokka) var absolutt vakker.

Så titta eg på fiskarhamna (eg vonar verkeleg eg får lasta opp nokre av bileta frå dette, altså. Eg har ikkje fått til på ein stund, men det er mykje bra bilete, trur eg), som var søt og alt. Ho låg innanfor ein molo, som eg gikk litt ut på for å koma nærare sjøen. Det var ikkje så lurt, for der var det ein kloakkutgang.

Eg åt, kjøpte brus og godteri (ein pose full for berre 295 pund, det vert vanskeleg å koma attende til dyre Noreg), og kom attende til rommet, der eg no sit og skriv blogginnlegg som eg kan ta med til ein internettkafé eller freista lasta opp på hostellet i Damaskus.

Planen for i kveld er: lesa Brisingr av Christopher Paolini på datamaskina, lesa Jonathan Strange and Mr Norrell (er det sånn han skriv namnet sitt? Eg er for lat til å reisa meg opp av senga og ta eitt skritt for å finna det ut) av Susanna Clarke, skriva meir på The Story of a Hero (eg har ni tusen ord allereie, og det er lett å skriva), sjå meir av The Other Boleyn Girl, som er piratkopiert, har dårleg lyd og Natalie Portman, kanskje sjå nokre episodar av The Worst Witch, som eg har fått frå internett og henta frå jobb i sommar.

I morgon skal eg som sagt til Krak. Eg veit ikkje kor lang til det tar, men det er visst ikkje så 100% enkelt å dra dit. Eg må ta bussen mot Homs, og etter 25 minutt be sjåføren om å stoppa ved krysset til Krak, og frå der haike eller ta ein eller anna form for transport dei siste kilometrane. Når eg skal eg attende til Damaskus må eg ta same prosessen frå krysset. Det går nok på eit vis, det gjer alltid det her, alle er veldig hjelpsame.

Når eg kjem heim, vonaleg ikkje altfor seint, er det fest på hostellet.

3 Comments

  1. Ola says:

    Homs. Hurr hurr

  2. Ola says:

    Dessuten får jeg vondt når du snakker om så mange pund

  3. Tone says:

    Kvifor hurr hurr til Homs?
    Vondt i lommeboka eller vondt i badevekta?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.