week 2

Dag 14

Ord i dag: 1781
Ord totalt: 23 657

23657 / 50000 words. 47% done!

Som venta kom eg til slutten av “novella” i dag. Skreiv faktisk ordet SLUTT med store bokstavar, berre for Ã¥ markere det.

Tenkjer Ã¥ prøve meg pÃ¥ noko komisk no, og har kikka pÃ¥ nokre “ikkje skriv dette i fantsy”-lister for inspirasjon (mellom anna her og her).


Ho har langt, blondt hår. Det heng fritt rundt skuldra hennar, det rører seg så vidt i ein bris som ikkje finst. Ho har pene klede, støvlar med hæl, ho bestiller ein kaffi høyrer eg, et er ein kaffi latte og ho smiler breitt til fyren bak disken. Han er ganske pen, men eg merkar at eg blir sjalu på han, at ho smiler til han, og eig skjønar ikkje kvifor. Ho snur seg, skal tli å gå ut. Så får ho auge på meg, og stoppar. Ho stoppar ikkje elegant, sånn som sånne jenter kan gjere, der dei stansar av di noko er i vegen for dei, og så går dei vidare som om du ikkje er verd noko. Denne jenta stoppar brått, ho svaiar som om ho skal til å falle. Eg strekk ut ein arm for å støtte henne, men trekk den raskt tilbake, før eg tar borti henne, det tar seg ikkje ut. Det er ikkje lov å gå rundt og ta på jenter, særleg jenter ein ikkje kjenner.
Ho stirar på meg. “Kjenner eg deg?”
“Nei,” seier eg, “eg trur ikkje det.”
“Kva heiter du?”
“Eidar.”
“Nei, du har rett.”
SLUTT

Leave a comment

Dag 13

Ord i dag: 3524
Ord totalt: 21876

21876 / 50000 words. 44% done!

Er endeleg der eg skal vere! Dagens mål var 21667, så eg er offisielt over, for første gong.

Men no er “novella” eg har skrive pÃ¥ sÃ¥ langt snart ferdig. Gjettar pÃ¥ at eg blir ferdig i morgon, elles overimorgon. DÃ¥ mÃ¥ eg finne pÃ¥ noko nytt Ã¥ skrive om. Jaja. Eg har gleda meg til Ã¥ ha ein annan hovudperson, dÃ¥. SÃ¥ det blir bra. Kanskje.


Ho reiser seg igjen, tar handa mi og drar meg opp etter seg. “Kva har skjedd?”

Eg vil ikkje snakke om det, så eg seier berre, “Eg drepte henne.”

“Kven? Kvifor?” seier ho.

“Lysdama,” seier eg, og det stikk igjen at eg aldri spurde henne kva ho heitte. “Ho ville.”

“Å,” seier ho, “då så,” seier ho, som om det er heilt normalt.

Leave a comment

Dag 12

Ord i dag: 3217
Ord totalt: 18352

18352 / 50000 words. 37% done!

Skrivemøte <3


Eg drar i Katrine, prøver å få kroppane våre inntil kvarandre, så vi er eit mindre mål. Det er vanskeleg, det er ingenting å spenne mot her, vi endar opp med å flyge rundt og spinne som ei halvgal ku. Monsteret er nesten ved oss no, og eg kjenner stanken komme over meg. Den er eit godstog aleine, eg luktar den ikkje eigentleg, den overvelmar meg, alle sansane mine, eg kan sjå stanken, høyre den og lukte og smake og føle den. Den er avskyeleg for alle.

Leave a comment

Dag 11

Ord i dag: 1877
Ord totalt: 15133

15133 / 50000 words. 30% done!

Ganske opptatt i dag, bursdagen til Vebjørn kom heim til meg for å ete pølsefjes. Dessutan blei eg sjukare igjen.

Men nok unnskuldingar: eg distraherer meg sjølv altfor mykje. Skulle gjerne skrudd internett heilt av, men det er vanskeleg når ein skriv i google drive. Disiplin! Eg treng deg!


“Nei, kva er tvilen?” spør ho. Ho set seg på huk, studerer skiltet og alle mekanismane i maskina. Ho ser opp på meg imellom. “Eg vil ikkje tvile på deg, eg trur på deg. Du er den einaste som har hatt noko peiling på kva som skjer her.”

Leave a comment

Dag 10

Ord i dag: 2172
Ord totalt: 13256

13256 / 50000 words. 27% done!

Går betre. Guri vil ha merksemd, stakkars. Fann ut i dag at nano sluttar på ein fredag, det er ganske dårleg timing, så vi får sjå korleis det går.

Tenkte i dag om eg skriv 2167 ord om dagen er det berre 500 over dagsmengda, og gjer at eg tar igjen grafen fortare. Så eg prøver det.

Sjå Neil Gaiman inspirere her: youtube


Framfor meg: eit monster. Eg må ha sett vekk ein augneblink, for først er det ikkje der, så er det der rett etterpå. Kanskje det kom i løpet av eit blunk. Monsteret er stort, høgt, høgare enn båfrakken, det er nesten så det stangar i taket av korridoren, særleg med horna. Det har to horn, eitt på kvar side av hovudet, brune og dryppande med ei ekkel væske, dei bøyer seg mot himmelen. Eg har stoppa brått, Katrine dunkar inntil ryggen min. Monsteret er dekt av tynn, grisete, brun pels, huda synst gjennom, den er flekkete brun og grå, som ein forkvakla giraff. Eg ser på hendene dets, ser på føtene, dei har lange klør som minner om horna, dei er òg dekt av ei tjukk væske som eg ikkje vil skal komme i kontakt med huda mi.

2 Comments