Politics

Lokalpolitikk

Eg, som det oppegåande mennesket eg er, sende e-post til alle dei som stille med liste i Asker kommune. Eg vil gjerne dele svara med dykk, og gi dei karakter. Vinnaren står heilt nedst.

Nytt! Svar frå Pensjonistpartiet.

Her er spørsmålet:

Kjære lokalparti,
Eg er ein ung og usikker veljar frå Asker, med særleg interesse for språk. Difor lurer eg på kva de vil gjere for sidemål og framandspråk i kommunen vår. Det er viktig for å elevane å få god undervising av lærarar som ikkje snakkar nedsetjande om faget sitt, og å starte tidleg. Korleis vil de arbeide med det i åra framover?
Svara de gir meg kjem til å vere viktige når eg vurderer kven eg skal stemme på. På førehand takk.
Beste helsing,
Tone Rossow

Asker Framstegsparti

Hei Tone, du kan laste ned vårt lokalprogram for perioden 2011-2015 her . I programmet vårt vil du finne svar på mange spørsmål. Jeg benytter anledningen til å ønske deg en fin helg og et Godt Valg!

Med vennlig hilsen
Tore Maaø
Leder Asker FrP

Karakter: 1

Asker senterparti

Sidemål ja, da traff du rette partiet! Eg er fødd og oppvaksen i Asker, med bokmålsbrukande foreldre, men likevel brukar eg nynorsk til dagleg :)

Det senterpartiet først og framst vil endre i skolepolitikken er lærartalet og korleis ein legg opp undervisninga. Fleri lærarar og meir praktisk retting av skolefaga ser vi som viktig for elevanes høve til å tileigne seg kunnskapar. Dette er ikkje direkte noe om sidemål og framandspråk, men det har den virkninga at mangfaldet av både elevar og lærarar får vist seg. Slik skolen i stor grad er lagt opp i dag vert og lærarstanden dominert av kvite middel- og overklassefolk frå distrikt med eit talemål nært opp mot bokmål. Eg trur nok derfor vår skolepolitikk vil ha stor positiv verknad på dei som skil seg frå normaltalemålet.

Noe andre grep enn det får ikkje vi som lokalpolitikarar gjort i sidemålsundervisninga, bortsett frå å faktisk endre hovudmål i kommunen, og det er nok diverre utopi i Asker!

Når det gjeld framandspråk er det sjølvsagt viktig at dette tas på alvor. Det billigaste for kommunen er å prøve å unngå at folk krev morsmålsundervisning. Det er uakseptabelt!

Sigmund Andersson
Senterpartiet

Karakter: 5-

Askers grøne vener

Hei Tone,
Askers Grønne Venner ønsker fortsatt undervisning i sidemÃ¥l som i dag. Vi ser ogsÃ¥ behovet for Ã¥ kunne lære seg flere fremmedsprÃ¥k. I tillegg til engelsk skal det være tilbud om et annet fremmedsprÃ¥k i ungdomsskolen og videregÃ¥ende. Her bør det kunne være mulig Ã¥ velge mellom flere fag f.eks. fransk, spansk, tysk, kinesisk, arabisk, russisk… Det burde ogsÃ¥ være mulig Ã¥ ha flere sprÃ¥kprosjekter i barneskolen der man kunne arbeide med ulike land og sprÃ¥k.
Når det gjelder den enkelte lærers holdning til sidemål, må dette følges opp av skoleledelsen.

Vennlig hilsen
Kristin Bjelke
Askers Grønne Venner

Karakter: 2

Asker arbeidarparti

Hei!

Det var et interessant spørsmål. Skolen er noe Asker Ap har et spesielt fokus på, med tanke på at her ligger hele vår fremtid som samfunn. Vi har jobbet aktivt for økt lærertetthet i den perioden som har gått, og H/Frp har nå gått med på en gradvis økning. Men, har villet at dette skulle gå fortere, og har derfor i hvert budsjett forsøkt å legge inn midler for å klare dette. Vi ser på læreren som den aller viktigste ressursen i skolen. Vi vil også ha etterutdanning av alle lærere, slik at de til enhver tid har den kompetanse som er nødvendig til å undervise barn og unge i vårt samfunn.

1) sidemål – vi har ikke programfestet at vi skal fjerne sidemålet fra undervisning i grunnskolen, og har ingen planer om å støtte det. Jeg ser at Høyre har programfestet det.
2) Vi har ikke spesifikt tatt opp satsing på fremmedspråk i vårt program, men jeg kan gi deg noen personlige refleksjoner. At elevene blir dyktige i andre språk enn sitt eget blir bare viktigere og viktigere. Selv er jeg utdannet lærer med fransk og engelsk, og dette er naturlig nok noe som står mitt hjerte nært. Så fra vår side vil vi heller styrke undervisningen i fremmedspråk enn å svekke den.

Håper dette ga deg noen svar, men hører gjerne fra deg dersom det er noe mer du lurer på.

Mvh
Marianne Riis Rasmussen
Leder Asker Ap

Karakter: 2-

Asker sosialistisk venstreparti

Hei,
Beklager seint svar. Vi har ingenting om språk og språkpolitikk i vårt lokale program, men jeg har sakset følgende fra SVs arbeidsprogram kap 8.4 Språkpolitikk:

Likestilling mellom målformene nynorsk og bokmål er eit viktig prinsipp som må gjelde for alle område i det moderne medie– og teknologisamfunnet vårt. SV vil arbeide for fleire nynorskbøker for førskuleborn og fleire gode norske dataspel for born med norsk språk og innhald. SV vil styrkje nynorskopplæringa både
som hovud– og sidemål. Læremiddel, både bøker og dataprogram, skal finnast på begge målformer. Forlaga må straffast dersom nynorske læremiddel kjem seinare enn bokmålsversjonen. Nynorskspråklege studentar skal ha rett til å få eksamensoppgåver på nynorsk på alle utdanningsinstitusjonar. For å sikre sosial og kulturell integrering av minoritetsspråklege i nynorskområde må det utviklast fleire og betre læremiddel på nynorsk for dei.

Eit særleg viktig tiltak for vidare styrking av nynorsk er eit allment leksikon på nynorsk på internett. SV vil òg, som mållova seier, styrkje stillinga til nynorsken i det offentlege. SV sluttar opp om arbeidet med ein norsk språkbank.

Lenke til arbeidsprogrammet: http://sv.no/Forside/Politikken/Arbeidsprogram

Lenke til Asker SVs lokale program: http://sv.no/SV-der-du-bor/Akershus/Asker/Nyheter/Valgprogram-og-liste-for-Asker-SV

Mvh Asker SV
v/ Marianne

Karakter: 5 nasjonalt. Lokalt: 3 under tvil

Asker pensjonistparti

Hei Tone.
Jeg skal være ærlig med deg, som listetopp for Asker PP og si at dette har vi ikke diskutert, fordi som du vet, så har ikke vi vært i posisjon de siste 4 årene.
Jeg har som gammel lærer i min mangslungne karriære at mange elever synes nynorsk, sidemål som det er for de, er vanskelig, men tror ofte det der, som i alle andre fag, er læreren som bestemmer.
Greier han/hun å gjøre undervisningen aktuell og spennende, blir tema det også, så derfor burde en ha minst en lærer med nynorsk som hovedmål, slik at de andre får støtte, for med alle de tillatte former for ord som er ute å går, så er det vanskelig å skrive skikkelig nynorsk.
Hvis jeg blir valgt inn og får befatning med dette tema, så vil jeg gjøre mitt beste for at du skal få den undervisningen du ønsker, også i nynorsk.
Mvh
FREDE SUND
1.kandidat Asker Pensjonistparti

Karakter: 4

Eg ventar framleis på svar frå Venstre, Raudt, Høgre, KrF og Pensjonistpartiet. Skal oppdatere så fort dei kjem med noko.

Vinnaren er altså Senterpartiet. Overraskande, men kudos.

4 Comments

Ei roeykelov for eit meir sivilisert samfunn

For nokre veker sidan fikk Syria ei ny roeykelov. Det er forbode aa roeyka noko som helst inne i eit offentleg (public?) bygg. Dette inkluderer universitetet, drosjar, og restaurantar. Om du skulle verta tatt er boten 40 000 syriske pund, rundt 5000 norske kroner.

Syria er ikkje saa sivilisert. Me har ein president som har sju palass, og me har mykje fattigdom og arbeidslause. Men det skal eg ikkje gaa for mykje inn paa foer eg kjem heim.

Noko av det folk trekk fram av det usiviliserte Syria er soepla i gata og roeykinga overalt (det er verkeleg overalt, overalt. Nett no satt ein fyr seg ned ved sidan av meg og tente ein roeyk, paa internettkafeen). Det finst soeppelkassar, det finst no ei roeykelov, kvifor maa folk kasta soeppelet sitt paa bakken? seier folk. Det er visst det som vil faa opp levestandarden og gjera landet meir likt Europa.

Eg prata med ein fyr i Jordan. Han sa at landet hans var misunnelege paa Syria, som klarar seg sjoelv.

Men det er berre paa eit vis.

Attende til roeykelova: ho vert ikkje handheva.

Det er visst ingen som veit om henne, og dei som gjer det bryr seg ikkje. Det er ikkje noko mindre roeyking.

Det er ein kultur for roeyk. Eigentleg er det to kulturar: det er sigaretten og nargilaen, shishaen, vannpipa. Du ser ikkje ein restaurant utan nargilaar.

Eit anna teikn paa sivilasjon: det er paabode aa nytta setebeltet i framsetet. Dette er visst meir handheva, for drosjesjaafoerane er veldig viktige paa det.

Eg vonar verkeleg at ikkje omsetjarane til Fredrik les dette i feil humoer.

Leave a comment

Soria Moria 2 og litt tankar

Nokre spreidde kommentarar om regjeringsplattforma

Eg har fått tak i passordet til internettet her på hostellet mitt, så eg kan lesa bittelitt om norsk politikk fram til den niande, når eg flyttar og er attende til å måtte gå på internettkafear.

Det er cirka tre emne for dette innlegget. Det første handlar om EU, det andre om nynorsk og språk, du veit desse målungdomane, du kjem aldri utanom, og det tredje handlar om høgare utdanning.

EU

Gjennom EØS-samarbeidet får me oversendt mykje lovverk frå EU. Me kan, om me vil, velja å ikkje innlemma desse EU-lovene i norsk lovverk, men det har til no berre vore ein teoretisk moglegheit. Eg var på ein litt nedslått demonstrasjon i kulda i november for å få eit veto mot eg hugsar ikkje kva for direktiv det var.

Men no er det visst andre rosinbollar.

Aftenposten skriv:
Senterpartiet og SV signaliserer i regjeringsplattformen at de kommer til å gå imot å innlemme EUs datalagringsdirektiv i norsk lov. Ap sier ja til direktivet så fremt det ikke vil få klare negative konsekvenser for personvernet. (http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article3307969.ece)

I plattforma står det:
SVs og SPs statsråder og stortingsrepresentanter stilles fritt i denne saken. (side 29)
Det tyder sjølvsagt ikkje at det vert noko veto, men det er ein stad å byrja. Dei andre partia på Stortinget er for det meste negative:
– Direktivet bryter grunnleggende med prinsippet om at du ikke skal overvÃ¥kes dersom du ikke har gjort noe ulovlig, sier Venstres parlamentariske leder Trine Skei Grande. (http://www.venstre.no/artikkel/24326)

Høyre er sterkt kritiske til direktivet og mener det representerer en uheldig og unødvendig inngripen i folks privatsfære. Dagens kriminalitets- og trusselbilde kan ikke forsvare denne type virkemidler, seier Elisabeth Aspaker, Høgres justispolitiske talskvinne

Og KrF: EUs datalagringsdirektiv går for langt i overvåkningen av lovlydige borgere, uttaler KrFs arbeidsutvalg. (http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/artikkel?p_document_id=5760&hovedtema=15105&person=&hva=16129)
Med eit par enkle søk på frp.no finn eg ikkje noko om datalagringsdirektivet.
Til saman har Arbeidarpartiet og Framstegspartiet fleirtal, så om FrP skulle bestemma seg for at dei er for, er det einaste me andre kan gjera å rosa oss sjølv for kampen.
(No har eg skrive mykje om ting eg eigentleg ikkje veit så mykje om.)
Fleire direktiv:
utsette implementeringen av EUs tredje postdirektiv. Vi vil innhente kunnskap og utrede konsekvenser av en eventuell implementering av direktivet (side 29 i plattforma)
Regjeringen vil arbeide for at EU ikke innfører et helsedirektiv som innebærer et svekket offentlig og desentralisert helsetilbud. (s. 43)

Dette er bra, der eg står, og her har me jammen eit bra direktiv: (tenk på det!)
Regjeringen legger til grunn at fornybardirektivet er EØS-relevant og vil forhandle med EU om å innlemme direktivet i EØS-avtalen. (s. 62)

Språk og dei tinga
Det første eg gjer når eg får tak i eit viktig dokument som dette, er å søkja på ordet “nynorsk”. Eg fann to treff på 81 sider.
Et kulturløft for hele landet
(…)
Flere språk og to norske skriftkulturer gir egne muligheter til kulturell vekst. Regjeringen vil sikre utviklingen av norsk språk, bokmål og nynorsk.
(s. 67)

Regjeringen vil:
(…)
fremme tiltak som gjør det lettere å bruke nynorsk
(s. 68)

Ikkje akkurat imponerande, men det er vel noko?

Dei skriv meir om nasjonale minoritetar, samar og samisk språk:

Urfolk og nasjonale minoriteter

Samene er et urfolk med folkerettslig krav på kulturvern og utvikling. Regjeringen ønsker å vitalisere samisk språk, kultur og nærings- og samfunnsliv, og vil støtte opp om samenes muligheter til å fungere som ett folk på tvers av landegrensene.
(…)
Regjeringen vil:

• følge opp handlingsplanen for samiske språk og stortingsmeldingen om samepolitikken
• vurdere å åpne opp for at skoleelever i de samiske områdene skal kunne velge samisk i stedet for sidemål, og arbeide for at det utdannes flere samiske lærere, førskolelærere og helse- og sosialarbeidere
(…)
• støtte tiltak som setter fokus på nasjonale minoriteters språk, kultur og kulturhistorie
(s. 71)

Sjølvsagt er det bra at samar skal få læra samisk, men å gjera det i staden for sidemål (i dei fleste tilfelle nynorsk), vert litt som diskusjonen me (i NMU i alle fall, har andre hatt det?) om norsk 2, der innvandrarar “slipp” nynorsk. Dei er vel alle menneske, som skal, dei fleste av dei, bu og arbeida i Noreg etter skulen. Statstilsette må kunna både bokmål og nynorsk, og alle kan vera så (u)heldige at dei får brev og anna viktig informasjon på nynorsk. Joda, folk argumenterer for at dei kan lesa nynorsk, men ikkje treng å læra å skriva det. Dette ser ut til å vera Unge Høgre i Asker, til dømes. Andre eg pratar med, eldre folk i Trondheim, som eitt døme, som ikkje lærte nynorsk i skulen, seier at dei ikkje kan lesa det heller. Skal me vera så rasistiske (!) at me tar frå samane den moglegheita?

No litt om utdanning

Eg vona på elleve månader studielån (gje meg mindre i stipend, det er greitt, men ikkje tving meg til å jobba i mai for å betala leia for juli månad, og for å kunne eta i juni, då eg framleis har eksamenar), eg vona på studentboligar, eg vona på ei (dei kalla det kvileskjæret, så eg tar metaforen vidare) ny lei for universiteta og høgskulane.

Dette skriv partia:

Lik rett til høyere utdanning

Større ungdomskull og flere studenter gir gode muligheter til å fylle samfunnets behov for kompetanse i årene som kommer. Universiteter og høyskoler er sentrale i utviklingen av kunnskapssamfunnet, og de må være langsiktige og faglig selvstendige forvaltere av kunnskap. Regjeringen vil sikre frie og uavhengige universiteter og høyskoler i hele landet som kan gi studentene forskningsbasert undervisning av høy kvalitet, som er relevant og tilpasset et moderne kunnskapssamfunn. Regjeringen vil i større grad legge til rette for samarbeid og arbeidsdeling i universitets- og høyskolesektoren for å styrke utdanningstilbudet i hele landet. Alle skal ha lik rett til utdanning, og det skal være mulig å studere på heltid.

Regjeringen vil:

• styrke basisbevilgningene til universiteter og høgskoler for å øke utdanningstilbudet, herunder etter- og videreutdanning og desentralisert utdanning, og øke antall studieplasser
• styrke utdanningsstøtten for studenter med funksjonsnedsettelser og studenter med barn
ha mål om å bygge 1000 studentboliger i året
(s. 51-52)

Eg likar særleg det skal være mulig å studere på heltid. Kor mange gonger har dei ikkje sagt det? For å kunne studera på heiltid treng me pengar. Anten må det vera så mange billege studentboligar i alle byar med universitet eller høgskular at alle som vil får plass, elles må studentane få meir pengar. Eg planlegg å jobba i løpet av semesteret etter jol, for første gong som student. Av erfaring er det naudsynt. Eg lever sparsomt, et heime (mykje First Price-spaghetti), drikk nesten aldri, er ikkje på kino om ikkje nokon andre betalar for det, men pengane strekk likevel ikkje til. Dette året rant det ut i april, året før i mai.

Regjeringa, det er fint at det vil bygga, men Regjeringen vil ha mål om å bygge 1000 studentboliger i året er ikkje så forpliktande, er det det?

De kan lasta ned regjeringsplattforma om de vil frå Aftenposten: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article3308235.ece

Konklusjon, på eit vis

Det kunne vore verre.

3 Comments