guri

NaNoWriMo: Dag 3

7567 / 75000 words. 10% done!

Dette går berre akkurat passe bra.

Sjølv Guri hjelper til.


“Kanskje det er den vonde tvillingen din,” sa Espen og lo.
Eg lo òg. “Sjølvsagt har eg ein vond tvilling. For eg gjer ikkje nok skade på eiga hand.”
“Du gjer ikkje det,” sa Samuel. “Du går berre rundt og nynnar og er elskbar.”
“Å, herregud,” sa eg. “Aldri sei noko sånt om meg igjen. Elskbar!”
“Du er ganske søt, då,” sa Samuel.
Og så blei alle plutseleg heilt stille. Var han framleis forelska i meg? Han kunne ikkje vere det. Det kunne ikkje vere sant. Det burde vere flatterande, kanskje, men det var meir forferdeleg.

Leave a comment

Eg gir opp dette med julekalender, det var ein dårleg idé uansett

Eg lånte kameraet til Krinken i går for å ta julekortbilete av sentralstyret. Då vart det sjølvsagt *nokre* bilete av Guri.

Guri seier: Kvifor koser du ikkje meir med meg?
Guri

Sjå! Har ho ikkje vakse?
Guri

Er ho ikkje berre knusedeilig?
Guri

1 Comment

Ein gurimerkedag

I dag har vore ein merkedag for Guri. På kontoret i dag felte ho ei hjørnetann. I kveld klipte eg luggen hennar. No kan eg sjå auga hennar.

Leave a comment

Haust

Gule løv fell som fjær
Hunden min er ein ballettkenguru

Leave a comment

Guri, guri, guri

Denne helga er det landsstyremøte i Målungdommen. Eg er skrivar, og skriv opprit frå heile møtet (stress! Neida). Guri er hjå Marie på Nesodden.

Eg saknar henne grusomt. GRUSOMT!

I dag la eg inn fleire bilete av henne på Flickr. Du kan sjå dei her: flickr.com/photos/lotielvanya/sets/721576247582840

Høgdepunkt:
P1040423

P1040444

P1040483

P1040504

P1040521

Leave a comment