week 1

NaNoWriMo: Dag 3

7567 / 75000 words. 10% done!

Dette går berre akkurat passe bra.

Sjølv Guri hjelper til.


“Kanskje det er den vonde tvillingen din,” sa Espen og lo.
Eg lo òg. “Sjølvsagt har eg ein vond tvilling. For eg gjer ikkje nok skade på eiga hand.”
“Du gjer ikkje det,” sa Samuel. “Du går berre rundt og nynnar og er elskbar.”
“Å, herregud,” sa eg. “Aldri sei noko sånt om meg igjen. Elskbar!”
“Du er ganske søt, då,” sa Samuel.
Og så blei alle plutseleg heilt stille. Var han framleis forelska i meg? Han kunne ikkje vere det. Det kunne ikkje vere sant. Det burde vere flatterande, kanskje, men det var meir forferdeleg.

Leave a comment

Dag 5

634 / 10000 words. 6% done!

Eg er ikkje heilt bra, så dette går veldig sakte framover.


Eg tok til å vandre bortover stranda. Eg hadde fått ein walkman til bursdagen, så eg tok på meg hovudtelefonane og solbrillane og prøvde å sjå kul ut. Eg hadde mørke, store solbrillar, og eg trente meg sjølv på å bevege blikket utan å bevege hovudet, så ingen andre skulle sjå kva eg såg på. På den måten gikk eg og såg på alle jentene i bikini som solte seg og smørte kvarandre inn med solkrem.

Leave a comment

Dag 1: Velkommen til Camp Nanowrimo

344 / 10000 words. 3% done!

Eg deltar på Camp i år, med noko beskjedne mål. Eg skal starte på boka om Aisha, og skrive 10 000 ord. Det gir 334 (runda oppover) ord om dagen.


Det var første gong eg såg henne i Oslo at eg fann ut at eg elska henne. Nei, elska er feil ord, eg hadde jo aldri snakka med henne. Eg innsåg vel at eg var forelska.

Eg stod på t-bana frå Blindern og heim til Grønland. Det hadde vore ei gratis førelesing om ???, med ein forskar frå SOAS. Ho sat på eit av langsetterseta nær skjøtet mellom vognene, ho las i ei bok, såg ikkje rundt seg i det heile. Dette var tidleg på hausten, men likevel hadde ho på seg skjerf og vantar, og mykje tjukkar jakke enn dei andre rundt oss.

Leave a comment

Dag 7

Ord i dag: 1383
Ord totalt: 7042

7042 / 50000 words. 14% done!

Ei av novelle går mot å bli ei mykje lengre novelle enn eg vanlegvis skriv. Som sikkert er bra, det blir fleire ord. Og det går meir framover no.


Vi fell. Men vi treff ikkje metallrøyr eller veggar, vi står plutseleg på eit lineoliumsgolv i eit hardt, kaldt lys som skin gjennom huda og inn til sjela. Lilla frakkar står og kviskrar med kvarandre, ein gong imellom ser dei over på oss.

Leave a comment

Dag 6

Ord i dag: uvisst
Ord totalt: 5659

5659 / 50000 words. 11% done!

Bytte frå rart program på tab-en + ordteljar på nettet til google drive, og mista ca 500 ord. Kjipt. Men google tel som nanowrimo, så betre å miste no enn seinare.


Tankane går. Eg vil så gjerne komme meg vekk. Eg må vekk frå denne lukta, eg held det snart ikkje ut, det er for mykje for meg, eg sprett opp igjen, eg må vekk. Katrine strekk seg etter handa mi, men eg vil ikkje ta på henne.

Leave a comment