week 1

Dag 5

Ord i dag: 1733
Ord totalt: 4941

4941 / 50000 words. 10% done!

Skrivemøte, sjølv om eg er sjuk.


Nummer ein frå venstre. Ei jente, omtrent på min alder, midten av tjueåra. Ein gong har ho vore atletisk, no er ho berre senar, ho ser ut som ein anoreksikar, med innhola kinn og mørke, djupe sirklar rundt auga. Ho har langt, lyst hår, som ho bør klippe av så fort ho kan, sjølv frå der eg står kan eg sjå insektlivet som kravlar rundt der, som bit henne i hovudbotnen, og slæst med kvarandre om territorium. Ho har nesten ikkje klede igjen på kroppen, dei er etne opp av insekt, og ser ut som dei er rivne i stykkar før ho tok dei på seg.

Leave a comment

Dag 4

Ord i dag: 682

Mykje stress på flyplassar i dag, så få ord.


I horisonten ser eg eit pastellblått skyfjell. Sidan det er det einaste som skil seg ut frå resten av landskapet går eg mot det. Etter fem minutt eller ein time, det er vanskeleg å seie, klokka mi har blitt til ein liten skydott, er eg framme. Fjellet stig opp over marka som eit tynt spir, umogleg og fantastisk. Eg byrjar å klatre, eg tar tak i utspring av røyk som stikk ut av den skeive skysøylen. Eg er nesten vektlaus. Etter kvart som eg kjem høgare, nærare sola, blir det varmare, lysare, medan skyfjellet er kaldt mot hendene mine som glir halvveges inn i det. Fjellet blir smalare og smalare, det starta på storleik med eit hus, no er det nesten som eit tre, og eg byrjar å bli redd for å falle. Samtidig ønskjer eg meg skugge, det er så varmt, eg sveittar sjølv om den fysiske utfordringa er lita.

Leave a comment

Dag 3

Ord i dag; 8
Fullt program, inkludert migrene. Desse orda skreiv eg paa laanebmobilen paa toget til Glasgow paa veg til Tom McRaekonsert.

Leave a comment

Dag 2

Ord i dag> 2192
Det som er greitt med flyplassar og flyturar; masse tid til aa skrive


Leave a comment

Dag 1

Ord i dag: 294
Ord totalt: 294

294 / 50000 words. 1% done!

Så var vi i gang igjen, med NaNoWriMo. I år blir det ei slags novellesamling ved tittelen Eit atlas for oppdikta stader.

Om du vil lese meir om tidlegare forsøk, kan du sjå lotiel writes. Løpande statistikk på nanowrimo.org.


Neste side inneheldt nokre få liner.

Du som har vore der ingen før har gått
Du som trivst best stader som jamvel ikkje finst
Du som har gått deg vill i ditt eige sinn
Du treng eit kart

Eg slo om. Boksida blafra og knirka litt. Tittelen var…

Leave a comment