Dag 4

Ord i dag: 682

Mykje stress på flyplassar i dag, så få ord.


I horisonten ser eg eit pastellblått skyfjell. Sidan det er det einaste som skil seg ut frå resten av landskapet går eg mot det. Etter fem minutt eller ein time, det er vanskeleg å seie, klokka mi har blitt til ein liten skydott, er eg framme. Fjellet stig opp over marka som eit tynt spir, umogleg og fantastisk. Eg byrjar å klatre, eg tar tak i utspring av røyk som stikk ut av den skeive skysøylen. Eg er nesten vektlaus. Etter kvart som eg kjem høgare, nærare sola, blir det varmare, lysare, medan skyfjellet er kaldt mot hendene mine som glir halvveges inn i det. Fjellet blir smalare og smalare, det starta på storleik med eit hus, no er det nesten som eit tre, og eg byrjar å bli redd for å falle. Samtidig ønskjer eg meg skugge, det er så varmt, eg sveittar sjølv om den fysiske utfordringa er lita.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.