Dag 12

Ord i dag: 3217
Ord totalt: 18352

18352 / 50000 words. 37% done!

Skrivemøte <3


Eg drar i Katrine, prøver å få kroppane våre inntil kvarandre, så vi er eit mindre mål. Det er vanskeleg, det er ingenting å spenne mot her, vi endar opp med å flyge rundt og spinne som ei halvgal ku. Monsteret er nesten ved oss no, og eg kjenner stanken komme over meg. Den er eit godstog aleine, eg luktar den ikkje eigentleg, den overvelmar meg, alle sansane mine, eg kan sjå stanken, høyre den og lukte og smake og føle den. Den er avskyeleg for alle.

Leave a comment

Dag 11

Ord i dag: 1877
Ord totalt: 15133

15133 / 50000 words. 30% done!

Ganske opptatt i dag, bursdagen til Vebjørn kom heim til meg for å ete pølsefjes. Dessutan blei eg sjukare igjen.

Men nok unnskuldingar: eg distraherer meg sjølv altfor mykje. Skulle gjerne skrudd internett heilt av, men det er vanskeleg når ein skriv i google drive. Disiplin! Eg treng deg!


“Nei, kva er tvilen?” spør ho. Ho set seg på huk, studerer skiltet og alle mekanismane i maskina. Ho ser opp på meg imellom. “Eg vil ikkje tvile på deg, eg trur på deg. Du er den einaste som har hatt noko peiling på kva som skjer her.”

Leave a comment