Dag 25

Ord i dag: 1957
Ord totalt: 41001

41001 / 50000 words. 82% done!

Write or die <3


“Kvifor var du i skogen?”

“Eg mÃ¥tte finne noko. Nei, nokon.”

“Kven?”

“Eg trur…” sa kongen. “Eg trur eg hadde ein son. Han blei borte.”

“Når?” sa Heltepetter, som fikk ei dårleg kjensle.

“Det mÃ¥ ha vore… nesten tjue Ã¥r sidan. Nei, søtten-atten.”

“Å,” sa Heltepetter. Han orka ikkje meir av dette.

“Visdomsdragen forklarte ein profesi som sa at eg måtte finne han.”

“Å,” sa Heltepetter. Han lika ikkje heilt at det var to liknande profesiar som han godt kunne passe inn i.

Leave a comment

Dag 23

Ord totalt: 37252

37252 / 50000 words. 75% done!


”Vel, du er ikkje heilt helten eg såg for meg heller. Visdomsdragen sa ”stor”, eg trudde han meinte store musklar eller stor krigar, i staden får eg ein stor ølmage. Kor gammal er du uansett?”

”18.”

”Sikker?”

”Ja!”

”Ok, ok, eg er berre van med at heltane mine ljug på seg eit år eller to sånn at dei skal få vere med i krigen. Men eg må bli van med at du ikkje er ein av mine vanlege heltar.”

Leave a comment

Dag 24

Ord i dag: 1792
Ord totalt: 39044

39044 / 50000 words. 78% done!


”Gunda!” ropte Heltepetter, og kasta seg over henne. Han såg ikkje ut til å bry seg om alle dei tungt væpna mennene som framleis stod rundt likhaugen. Han ville berre klappe henne ein siste (og første) gong på trynet. Det var mjukt, og varmt, og ho rørde deet så vidt under hendene hans. Tårer starta å rulle nedover kinna til Heltepetter. Gunda hadde forstått han som ingen andre hadde kunna. Ho hadde passa på han då han ikkje kunne forsvare seg mot røvarane. Ho var den beste vennen hans, og han brydde seg ikkje om at ho hadde vore slem mot dei andre grisane. Ho hadde fortent det.

Leave a comment