Gåver til Hiro

Eg skal vere med å feire bursdagen til 6-åringen Hiro, og då må ein ha med gåver.

Så eg fikk tak i noko catnip (eg kan jo ikkje noko om catnip, hadde aldri vore borti det før i dag, så det var mest jenta i butikken som sa: “Her, ta denne.”), og hekla nokre leikemus. Vel, dei ser meir ut som grisar, så vi får sjå om bursdagsbarnet blir fornøgd.

Crocheted catnip toys Crocheted catnip toys

Bileta er forresten tatt med den nye mobilen min. Yay!

Leave a comment

Dag 5

634 / 10000 words. 6% done!

Eg er ikkje heilt bra, så dette går veldig sakte framover.


Eg tok til å vandre bortover stranda. Eg hadde fått ein walkman til bursdagen, så eg tok på meg hovudtelefonane og solbrillane og prøvde å sjå kul ut. Eg hadde mørke, store solbrillar, og eg trente meg sjølv på å bevege blikket utan å bevege hovudet, så ingen andre skulle sjå kva eg såg på. På den måten gikk eg og såg på alle jentene i bikini som solte seg og smørte kvarandre inn med solkrem.

Leave a comment

Dag 1: Velkommen til Camp Nanowrimo

344 / 10000 words. 3% done!

Eg deltar på Camp i år, med noko beskjedne mål. Eg skal starte på boka om Aisha, og skrive 10 000 ord. Det gir 334 (runda oppover) ord om dagen.


Det var første gong eg såg henne i Oslo at eg fann ut at eg elska henne. Nei, elska er feil ord, eg hadde jo aldri snakka med henne. Eg innsåg vel at eg var forelska.

Eg stod på t-bana frå Blindern og heim til Grønland. Det hadde vore ei gratis førelesing om ???, med ein forskar frå SOAS. Ho sat på eit av langsetterseta nær skjøtet mellom vognene, ho las i ei bok, såg ikkje rundt seg i det heile. Dette var tidleg på hausten, men likevel hadde ho på seg skjerf og vantar, og mykje tjukkar jakke enn dei andre rundt oss.

Leave a comment