Journal

NaNoWriMo 2017: dag 4

Travel dag: skifta dekk og gjorde ein heil skokk med inneprosjekt med pappa. Likevel skreiv eg omtrent 1700 ord! Mia har framleis ikkje så mykje personlegheit, men Andrebyen byrjar å vekse fram, så det er jo noko.

Dag 4
“Så du kom tilbake igjen, Cora,” sa ryggen til ein høg stol. Vi var i eit bibliotek, med tunge, høge bokhyller, støvete strimar med lys og store øyrelappstolar. Det var større enn skulebiblioteket mitt.
“Ja da, eg sa at eg skulle det, far,” sa Cora, men sjølv om ho høyrdest opprørsk ut, styrta ho fram og fekk ein ærleg klem av faren sin.
“Men kven er dette?” Han høyrdest plutseleg alvorleg ut, og eg skjønte at før hadde han berre vore tulle-alvorleg.
“Dette er Mia, far. Ho fall gjennom og nå kjem ho ikkje tilbake ut igjen.”
“Så kva gjorde du for å hamne i Andrebyen, Mia?”
“Eg? Eg gjorde ingenting!”
“Ho veit absolutt ingenting, far,” braut Cora inn. “Eg har fortald henne litt, men eg trur eg har sagt nokre ting som er geil. Ho trudde ikkje på magi eingong!”
“Neivel,” sa faren tankefullt. “Mia, vil du bu her i nokre dagar til vi finn ein måte å få deg tilbake til din eigen by igjen?”
“Ja gjerne, tusen takk,” sa eg og hugsa å vere høfleg.

Word count: 6735

Leave a comment

Statusrapport

Dagar på tur: 8
Kilometer reist (i luftline): 3639
Av dei med tog: 1118

Ting gløymd: bikini, riktig ladar til tablet, spork, solbriller
Ting mista: øyrepluggar (på flytoget/Gardermoen)

Byar besøkt: 4
Kontinent: 2

Netter på tog: 3
Kranglar med konduktørar: 3

Tal på vassblemmer under føtene: 3
Tal på museum besøkt: ca 8
Tal på kyrkjer besøkt: mange
Tal på bilete tekne: ca 470

Største problem så langt: hugse å ete
Twix fortærte: ca 10
Måltid/alkoholinntak med folk eg ikkje kjenner: 3

Noverande by: Budapest
Neste mål: Venezia
Tal på tog for å komme dit: 4
Timar for å komme dit: 14
Kjensle no: sliten. Glad for å sove i seng

Leave a comment

NaNoWriMo 2013: Utkast

Gjorde ferdig første-andre-utkastet av Erle i Skottland. Fikk det skrive ut, så eg kan lese gjennom og så revidere. Hjelp!

Leave a comment

Ønskelista til Heidi

brødfjel
basskasse frå bam
kjevle
audio opptaker
fotolerret/gavekort
shoppingtur
musikkgavekort
lydbok
tights

Leave a comment

Berlin

Berlin er fint. Vi bur i Kreuzberg, som eg har fått beskrive som ein kombinasjon av Grünerløkka og Grønland. Det er det. Litt.

Her er nokre bilete.

Eller ikkje, for det gikk ikkje.

Leave a comment