NaNoWriMo 2017: dag 4

Travel dag: skifta dekk og gjorde ein heil skokk med inneprosjekt med pappa. Likevel skreiv eg omtrent 1700 ord! Mia har framleis ikkje så mykje personlegheit, men Andrebyen byrjar å vekse fram, så det er jo noko.

Dag 4
“Så du kom tilbake igjen, Cora,” sa ryggen til ein høg stol. Vi var i eit bibliotek, med tunge, høge bokhyller, støvete strimar med lys og store øyrelappstolar. Det var større enn skulebiblioteket mitt.
“Ja da, eg sa at eg skulle det, far,” sa Cora, men sjølv om ho høyrdest opprørsk ut, styrta ho fram og fekk ein ærleg klem av faren sin.
“Men kven er dette?” Han høyrdest plutseleg alvorleg ut, og eg skjønte at før hadde han berre vore tulle-alvorleg.
“Dette er Mia, far. Ho fall gjennom og nå kjem ho ikkje tilbake ut igjen.”
“Så kva gjorde du for å hamne i Andrebyen, Mia?”
“Eg? Eg gjorde ingenting!”
“Ho veit absolutt ingenting, far,” braut Cora inn. “Eg har fortald henne litt, men eg trur eg har sagt nokre ting som er geil. Ho trudde ikkje på magi eingong!”
“Neivel,” sa faren tankefullt. “Mia, vil du bu her i nokre dagar til vi finn ein måte å få deg tilbake til din eigen by igjen?”
“Ja gjerne, tusen takk,” sa eg og hugsa å vere høfleg.

Word count: 6735

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.