NaNoWriMo 2017: dag 7

Har lite energi for skriving i år, og dermed skjer det meste av skrivinga under ordkrigar. Og dermed skjer det mykje rart.
“Neivel,” sa eg innbitt. “Kvar held FEILSTAVA NAMN til?”
“NAMN?” spurte mora til Cora. “I NAMN-bydelen.”
/
Nokon skreik bak meg. Det var Cora. Ho blei heldt fast av ei kvinne i noko som verka som ei rosa ninjadrakt.

Eg har eit notat om at eg må finne på namn. Det er ganske mange ting som berre heiter NAMN til nå. Og eg byrjar å bli kraftig lei av at “mora til Cora” nesten rimar.

Dag 6
“Kan vi få gitt ein beskjed til dei, så dei veit at dei ikkje skal bekymre seg?” sa mora.
“Eg har nokre kontaktar som kan krysse over når dei vil. Om du, Mia, klarer å finne på noko å seie til dei kan vi få overbrakt det.”
Eg såg raskt på Cora. Faren hennar visste tydelegvis ikkje at ho kunne krysse. Ho hadde ikkje fått meg til å love at eg ikkje skulle seie noko om det, men eg sa ingenting likevel. Det verka som ei god hemmelegheit å ha. “Eg skal tenke på det, eg veit ikkje heilt kva eg kan seie.” Det var jo heilt sant, berre ikkje på den måten dei trudde. Pappa kom sikkert til å bli like glad over at eg var borte, og mamma ville ikkje tore å ringe til politiet.

Dag 7
“Kva er det som er så spesielt med desse tinga? Nøyaktig korleis fungerer dei? Utanom at alle er redde for at nokon skal bruke dei, da.”
“Eg aner ikkje. Det er ein eller annan type magi.”
“Men sa du ikkje at den eine gjengen faktisk bruker magi? NAMN FEILSTAVA?”
“Jo, det er det som er så rart. Det er magi, men dei forstår like lite som oss av det.”
“Er det fleire typar magi, altså?”
“Ikkje veit eg, eg er ikkje ein magikar.”
“Det må vere det. Interessant. Er tinga like gamle som byen?” Byen var ikkje særleg gammal, frå det Cora hadde sagt, så det kunne jo vere eit eller anna der.

Word count: 9519

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *