NaNoWriMo 2017: dag 10

Eg gløymer visst heilt bort å skrive noko her. Håper de ikkje er altfor skuffa. Eg har det hyggeleg med å skrive, da, eg kan skulde på det. Og sjølv om eg tar det med ro og har 1000 ord som dagleg mål, ikkje 1666, ligg eg ikkje meir enn omtrent 2000 ord bak det “offisielle” målet.

Det største problemet eg har er cirka ein million namn som eg ikkje har funne på ennå. Det er litt keisamt at alt heiter NAMN og NAMN-gjengen og NAMN-bydelen.

Dag 9
Porten var på nøyaktig den staden eg forventa, på same plassen som heime. Det var den same bratte bakken opp til midten, men elles var det ganske annleis. I staden for litt anonyme, gamle, firkanta bygg var det høge, skarpe. Det var nesten fleire tårn enn det såg ut til at var mogleg, fysisk altså. Kanskje eg hadde gjort ein tabbe ved å komme hit. Plantane var òg annleis. Eit heilt bed av dei var djupt mørkelilla og lukta søtt og farleg. Dei var veldig vakre.

Dag 10
“Går det bra med deg?”
“Ja da,” sa ho og smilte. “Eg berre keier meg.”
“Var dei skuffa over at du ikkje hadde anheget?”
“Skuffa? Det var det minste. Dei var rasande.”
“Eg,” byrja eg, men eg kunne jo ikkje fortelle henne at det var mora hennar sin feil, i alle fall potensielt, at eg var her. Hadde nokon sagt at det var pappa hadde det jo gått heilt fint, men Cora var jo ubetinga glad i mora si.
“Kva?” sa ho.
“Ingenting,” sa eg. “Eller, eg har det framleis. Eg torde ikkje å seie noko til foreldra dine.”
Eg leitte etter beltepungen. Den var ikkje der. “Faen,” sa eg, heilt stille. “Nå har dei det.”

Word count: 14512

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *