Hamløyparane: 21

“Kan du gjøre noko?”  sa Artur.

“Eg veit ikkje,” sa Anneli.

Artur var skuffa. Ho var den einaste han kunne komme på å spørje. “Men du må…”

“Fortel meg alt du veit, då.”

“Eg fann han for fire dagar sidan. Då var han heilt frisk, han klarte å forklare kven han var og alt.”

“Kven er han?”

“Sa eg ikkje det? Det er Brede, frå klassen vår.”

Han hadde bore slapp allereie då Artur vakna den morgonen. No bevegde han nesten ikkje på seg.

“Kva veit du om humlefysiologi?” sa Anneli.

“Ikkje så mykje. Vi har ingen bøker om dei, berre bøker om magi som eg ikkje kan bruke.”

“Kanskje humler ikkje lever meir enn nokre få dagar, kanskje han ikkje har meir tid.”

“Det er døgnfluger.”

“Kanskje han er for kald, eller for varm.”

Artur plukka han forsiktig opp og la han på lommetørkledet sitt, plasserte han nærare omnen. “Kan du ikkje gjere han til menneske igjen?”

“Veit du kva som skjedde? Eg må vite meir for å vite kva slags motformular eg skal bruke.”

“Men du trur du kan gjere det?”

“Kva skal eg seie? Eg er kanskje av dei betre i klassen, men eg er langt frå utlært, så eg skal gjere det eg kan.”

Han skauv lommetørkledet litt nærare omnen. Brede rørde såvidt på eit par av beina.

“Kvifor bryr du deg sånn uansett?” sa Anneli.

Artur måtte tenkje. Han hadde berre gjort det han kunne. “Vel, eg kan ikkje seie at han er ein venn, ikkje eigentleg, ikkje før no, men vi går i same klasse, og ein vakker dag kjem eg til å vere ansvarleg for alle, gjer eg ikkje?”

“Kan vi dra heim til han? Kanskje det er spor der.”

“God idé.”

Leave a comment