Prosjektet: 14

Anneli banka på døra. Det var merkeleg stille, ingen skritt som gikk over golvet for å lukke opp for henne. Ho prøvde dørhandtaket. Døra glei opp, og ho tok eit steg inn i gangen.

Det første ho såg var liket. Det låg på golvet, nesten fredsamt, som om han sov.

“Mira?” Det var ikkje teikn til henne nokon plass.

Ho knelte ved sida av kroppen til Ragnar. Han hadde inga merke på overflata, ikkje noko sår eller blåmerke, så hadde det ikkje vore for den sjuklege fargen og ikkje minst lukta kunne han nesten sett levande ut. Ho visste ikkje om noko som kunne drepe utan å etterlate seg spor.

“Mira!” ropte ho. Ragnar hadde tydelegvis vore daud ei stund, men noko kunne framleis skjedd med Mira pÃ¥ halvtimen ho hadde brukt pÃ¥ Ã¥ komme seg bort.

Ho kviskra eit formular som skapte eit skjold rundt kroppen hennar. Kanskje var gjerningsmannen der enno. Ho opna ei dør, forsiktig, titta inn. Eit soverom, ubrukt sidan nokon reidde opp sist.

Neste dør førte til badet. Ho skulle nesten til å gå vidare då ho såg noko i badekaret, bak dusjforhenget.

“Anneli?” Det var Mira, ho lÃ¥g samankrope i den eine enden.

“Mira! Kva har skjedd? Er han borte?”

“Kven? Ragnar?”

“Nei, han som gjorde det.”

Mira byrja Ã¥ hulke. Mascaraen hennar var allereie svarte bekkar over dei bleike kinna hennar. “Det var meg, Anneli.” Ho sa det sÃ¥ lÃ¥gt at Anneli berre sÃ¥ vidt høyrde, ho mÃ¥tte lene seg over henne.

“Det var deg? Eg forstÃ¥r ikkje.”

“Eg gjorde det.”

Bankelydar kom frå gangen. Anneli gikk for å opne, utan heilt å tenkje seg om.

“Nei, vent,” sa Mira.

“Dette er politiet. Opne opp!”

Leave a comment