Hamløyparane: 21

“Kan du gjøre noko?”  sa Artur.

“Eg veit ikkje,” sa Anneli.

Artur var skuffa. Ho var den einaste han kunne komme pÃ¥ Ã¥ spørje. “Men du mÃ¥…”

“Fortel meg alt du veit, dÃ¥.”

“Eg fann han for fire dagar sidan. DÃ¥ var han heilt frisk, han klarte Ã¥ forklare kven han var og alt.”

“Kven er han?”

“Sa eg ikkje det? Det er Brede, frÃ¥ klassen vÃ¥r.”

Han hadde bore slapp allereie då Artur vakna den morgonen. No bevegde han nesten ikkje på seg.

“Kva veit du om humlefysiologi?” sa Anneli.

“Ikkje sÃ¥ mykje. Vi har ingen bøker om dei, berre bøker om magi som eg ikkje kan bruke.”

“Kanskje humler ikkje lever meir enn nokre fÃ¥ dagar, kanskje han ikkje har meir tid.”

“Det er døgnfluger.”

“Kanskje han er for kald, eller for varm.”

Artur plukka han forsiktig opp og la han pÃ¥ lommetørkledet sitt, plasserte han nærare omnen. “Kan du ikkje gjere han til menneske igjen?”

“Veit du kva som skjedde? Eg mÃ¥ vite meir for Ã¥ vite kva slags motformular eg skal bruke.”

“Men du trur du kan gjere det?”

“Kva skal eg seie? Eg er kanskje av dei betre i klassen, men eg er langt frÃ¥ utlært, sÃ¥ eg skal gjere det eg kan.”

Han skauv lommetørkledet litt nærare omnen. Brede rørde såvidt på eit par av beina.

“Kvifor bryr du deg sÃ¥nn uansett?” sa Anneli.

Artur mÃ¥tte tenkje. Han hadde berre gjort det han kunne. “Vel, eg kan ikkje seie at han er ein venn, ikkje eigentleg, ikkje før no, men vi gÃ¥r i same klasse, og ein vakker dag kjem eg til Ã¥ vere ansvarleg for alle, gjer eg ikkje?”

“Kan vi dra heim til han? Kanskje det er spor der.”

“God idé.”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.