Hamløyparane: 20

“Kva er dei?” spurde dei minste jenta. Ho stira opp i taket, med open munn.

“Dei er lyslarvar,” sa Irina. Ho plukka ned ein, den byrja Ã¥ kravle rundt handa hennar.

“Den er kjempefin,” kviskra den lille jenta. Irina let den klatre over til handa hennar, ho lo dÃ¥ den kilte henne.

“Eg er svolten,” sa den mellomste jenta, men den eldste hysja pÃ¥ henne.

“Nei, det er greitt,” sa Irina. “Dei mÃ¥ fÃ¥ ete.”

***

Ho følgde Siv, Eline og Kaia til byen sÃ¥ fort det blei lyst. Ingen av dei hadde sove spesielt bra, og dei to yngste hadde byrja Ã¥ bli grinete. Kaia hadde halde pÃ¥ humøret lengst. Ho elska lyslarvane, og gjekk rundt og gav dei namn. Men til slutt blei kulda, mangelen pÃ¥ mat og alt dei hadde vore gjennom for mykje for henne, og ho byrja Ã¥ spørje etter “mamma”.

“Kva var det eigentleg som skjedde?” spurde Irina dÃ¥ dei hadde byrja Ã¥ gÃ¥.

“Eg veit ikkje heilt,” sa Siv.

“Fortel meg kva du veit.”

“Eg skulle følgje Eline og Kaia heim frÃ¥ SFO, det hugsar eg.” Ho leidde ei søster i kvar si hand, mÃ¥tte nesten dra dei med seg. Irina løfta Kaia og bar henne pÃ¥ armen. “Eg hugsar kongelege vakter, dei stoppa oss, sa at vi ikkje kunne gÃ¥ ei av gatene vi alltid gÃ¥r, sa det var vegarbeid der, eller noko.”

“Og sÃ¥?”

“SÃ¥ er det veldig uklart. Eg trur dei peika pÃ¥ ei anna gate vi kunne gÃ¥, og sÃ¥ gjorde vi det, og sÃ¥ blei alt plutseleg svart, liksom.”

“Og sÃ¥ var de i skogen?”

“Ja,” sa Siv. “Bundne til treet, og sÃ¥ var det ikkje lenge før prinsessa og du kom.”

“Prinsessa?”

“Ja, prinsesse Penelope kom, visste du ikkje det? Du sa at vi mÃ¥tte springe frÃ¥ henne.”

“Eg visste berre ikkje at det var prinsessa.”

“Korleis kan du ikkje vite det?”

“Lat oss berre seie at eg ikkje følgjer med i sladderblada.”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.