Hamløyparane: 22

Mira fortsette å partere liket mekanisk, stengte alle tankane ute. Så lenge ho ikkje mentalt handsama det ho dreiv med gjekk det liksom bra.

I kjøkenskapet fann ho ein rull med søppelsekker. Ho pakka kvar likdel dobbelt i søppelsekk, og la det ho fekk plass til i ein stor koffert.

Ho vurderte å gjere kofferten lettare med magi, men måtte nesten kaste opp berre av tanken.

Ho trong ein spade. Ragnar hadde noko verktøy i bua i kjellaren, men ho trudde ikkje han hadde kjøpt spade nokon gong. Men det var best å sjekke.

Til vanleg tok alle heisen, så ho tok trappa, ho ville ikkje ta sjansen på å møte nokon. Ho trudde ikkje ho kunne svare om dei spurde henne om noko, uansett kor uskuldig spørsmålet var. Ho ville berre bryte saman.

Det var ikkje spade i bua, men det var ein i fellesområdet. Ein passiv-aggressiv lapp frå styret formante lånarar å levere tilbake alt dei lånte. Ho kjende eit stikk av dårleg samvit, for ho visste ikkje kva som kom til å skje med spaden.

Men ho kunne kjøpe ein ny seinare.

Liket veide for mykje til at ho kunne ta heile i kofferten, sjølv om det hadde vore plass. Ho let berre delane ho ikkje fekk med seg liggje på golvet, låste etter seg, skrudde på alarmen.

Alle stira på henne på veg mot byporten. Ingen sa noko høgt, men ho kunne føle dei kviskre til kvarandre.

Vaktene spurde henne kva ho skulle, men dei sleppte henne gjennom, og ho visste ikkje kva ho sa.

Langt nok frå muren til at dei ikkje kunne sjå eller høyre henne stoppa ho og byrja å grave.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.