Prosjektet (“Hamløyparane”?): 15

Irina følgde etter kvinna på hesten. Ho visste ikkje heilt kvifor, noko var gale, ingen av dei burde vore der i det heile tatt.

Kvinna hadde hetta over hatten, så ansiktet hennar var skuggelagt, men Irina hadde ikkje kjend det igjen uansett. Ho såg berre det lange, svarte håret som hang i ei flette over brystet hennar.

Ho småsprang gjennom underskogen bak og til høgre for hesten og ryttaren, lagde nesten ikkje lyd på mjuke føter.

Dei stoppa i ei lysning langt frå hòla hennar. Sjølvsagt hadde ho vore der før, ho hadde vore i heile skogen, men ho var likevel meir usikker enn ho følte ho burde.

Tre unge jenter var bundne fast med kjetting til eit tre. Fem eller seks ulvar stod og glefsa rundt dei, men var merkeleg tilbakehaldne, aldri borti kleda eller huda deira. Irina ville springe fram og fri jentene, men kvinna på hesten hadde komme fram og stige ned.

“Tilbake,” sa ho, og ulvane trekte seg saman, gjorde seg smÃ¥.

“Slepp oss fri!” sa den eine jenta, ho sÃ¥g eldst ut, var kanskje seksten. Dei andre var kanskje søstrene hennar, det var vanskeleg Ã¥ sjÃ¥ under eit lag med skit og tÃ¥rer.

Kvinna klødde ein av ulvane bak øyret. “StÃ¥ stille, sÃ¥ skal eg ikkje gjere dykk noko vondt.”

Med det byrja jentene å sprelle, dei trakk i handjerna og den tunge kjettingen. Dei blei meir og meir desperate, og den minste jenta byrja å gråte.

Kvinna sa eit kort trylleformular, og jentene stod heilt stille. Berre auga bevegde på seg, store og kvite i det krypande tussmørket.

Ho sat seg ned med beina i kors, tok av hatt og hette, tok eit par djupe andedrag. Songen ho sat i gang var magisk nok til å få trea rundt til å vibrere, og Irina merka effektane på sin eigen kropp, sjølv om ho tydeleg ikkje var målet. Det var eit langt formular, med mange variasjonar og binding av lojalitet, men ho måtte gjere noko raskt, om ho ikkje skulle bli bunden sjølv.

Ho sprang gjennom underskogen rundt lysninga til ho var ved treet der jentene stod. Songen prøvde å trengje seg gjennom forsvarsverka hennar, skape henne om til noko anna.

Ho sa sitt eige formular, kutta av treet rett over kjettingen. Det fall, brasa på veg ned, men songen stoppa ikkje. Irina plukka opp den minste jenta, tok handa til mellomste, og sette av garde. Den eldste jenta følgde etter, bunden i same kjetting som søstrene, gikk tilsynelatande på autopilot, såg ikkje på Irina, i alle fall. Dei måtte berre langt nok at magien ikkje kunne rekkje dei.

Irina styrde dei mot hòla si, men den vesle jenta, framleis utan rørsler, blei så tung til sist at dei datt overende. Ho blei liggjande og puste tungt, prøvde å kjenne etter om det uferdige formularet framleis hadde effekt på dei. Ein svak eim av svart magi og kroppsfunksjonar hang i lufta rundt dei, men elles var dei trygge.

Nokon byrja å gråte.

Leave a comment