Hamløyparane: 18

Den eldste jenta reiste seg først, tok den yngste på armen, byrja å gå. Ho såg ikkje på Irina i det heile tatt.

Eit ul kom frå ein eller annan plass i skogen, men det var ikkje nær dei.

“Bli med meg heim,” sa Irina.

Jenta sa ingenting, berre gikk, med hendene i kvar søster si hand. Irina småsprang etter dei.

“Det er mørkt. De vil ikkje klare dykk her ute.”

“Vi må heim.”

“De kjem ikkje til å komme dykk heim!”

“Ikkje om vi ikkje prøver, i alle fall.”

“Høyr på meg. Hòla mi er ikkje langt herfrå. Den er beskytta. Bli med dit, så skal eg følgje dykk til byen så fort det blir lyst, ok?”

“Siv,” sa den mellomste jenta klagande. “Kan vi ikkje bli med henne, då?”

“Eg er så sliten,” sa den yngste jenta.

“Men vi kan ikkje stole på henne,” sa den eldste jenta. “De veit at vi ikkje kan stole på framande.”

Dei hadde stoppa opp no, dei to minste heldt den eldste, Siv, igjen. “Men ho redda oss jo,” sa den mellomste.

“Ja, ho er sikkert snill,” sa den yngste.

Irina visste ikkje om ho skulle blande seg eller ikkje, dei to borna gjorde ein betre jobb med overtalinga enn ho nok ville få til, men det kom ein brasing av store kroppar gjennom underskogen, og ho fanga opp dunsten av grantre.

“Kom igjen,” sa ho, tok ei hand, og byrja å springe igjen.

Utan å sjå bak seg visste ho at udyra kom nærare og nærare, heilt til dei stupte gjennom hòleopninga og ho kunne smelle igjen forsvarsverka.

Leave a comment