Prosjektet: 10

Mira hadde ikkje ete, ikkje sove, ikkje forlate leilegheita siden ho drap Ragnar. Ho hadde vaska alt fire gonger, alt utanom der kroppen hans låg, hadde vaska i ein sirkel rundt det. Kvifor ho vaska sånn visste ho ikkje, ho berre følte at ho måtte. Ho hata det framleis.

Ho skvatt av ein ringelyd. Mobilen til Ragnar hadde til slutt gått tom for straum, ho hadde ikkje orka å strekke seg over liket hans og leite i lommene hans for å finne den og skru den av. Denne gongen var det hennar. Anneli, ei jente frå professor Vus timar.

“Hei,” sa ho, som om ingenting hadde skjedd.

“Kva er det?” sa Mira, og sjølv om ho prøvde klarte ho ikkje å halde frykten ute av stemma.

“Mira, kva er det?”

“Ingenting, kva ville du?”

“Eg ville eigentleg berre høyre om du ville bli med i den nye kollokviegruppa mi.”

“Har ikkje du ei med han der prinsen?”

“Jo, men det går ikkje så bra, om eg kan vere ærleg med deg. Det er difor eg vil starte ei ny.”

“Å.” Ho sette seg på ein av kjøkenstolane, drog skjørta opp rundt seg, prøvde å tenkje ut eit svar gjennom tåka. “Det passar ikkje så godt no.”

“Eg meinte ikkje i dag, berre sånn generelt.”

Kvifor ville ho ikkje gi seg?

“Kanskje,” sa ho, klarte ikkje å formulere eit betre svar. Ragnar var aldri sjuk, han var på jobb kvar dag, dei måtte sakne han no. Det kunne ikkje vere lenge til dei kom heim til henne for å leite etter han.

“Ok, gi meg eit svar snart, då,” sa Anneli.

Ho orka ikkje å ta på liket eingong, men ho måtte flytte det før nokon kom.

“Hæ?”

Elles kunne ho rømme. Det burde vere mogleg å ta seg gjennom skogen til neste by utan å møte varulvar, særleg for ein magikar. Ein halvtrent magikar. Ein som ikkje hadde sove, og som ikkje visste vegen.

“Mira, er noko gale?”

Ho klarte ikkje å halde det inne lenger, ho starta å gråte.

“Berre vent litt, eg kjem bort til deg.”

Mira la raskt på, men det var altfor seint. Ho gikk bort til liket, tok ein fot, prøvde å dra det over golvet. Skoen falt av, han var altfor tung for henne.

Ho gikk inn på soverommet og venta på at Anneli skulle komme.

Leave a comment