Prosjekt: 5

Prins Artur sukka. Faren hans burde innsjå at timane til professor Vu var for avanserte for han. Alle verdas privatlærarar ville ikkje gi han betre magiske evne. Han var lei av å vere den dårlegaste i klassen, men så beskytta at ingen kunne vite det.

Han satt i palassets arbeidsrom. Det var kvite, tjukke murvegger og eit kraftig trebord, ikkje anna. Kvart slektsledd av forfedrane til Artur hadde lært magien sin her.

“Korleis går det?” Privatlæraren kom inn igjen, med to koppar te, låste døra etter seg.

“Det er håplaust.” Han dytta tekstbøkene på golvet så det flagra i gamle sider og lause notatark.

“Så ille er det vel ikkje? Lag eit lys.”

Han mumla formularet for ei lita lyskule. Det gikk ikkje.

“Ordentleg.”

Han sang orda. Ein av dei tidlegare lærarane hans hadde fortald han at det var den beste måten å fokusere orda på.

Ein liten ball dukka opp over handa hans. Den skein med eit flikrande gult lys, så svakt at det såg ut som at den ville slokke fleire gonger.

“Ser du ikkje? Eg kan ikkje. Eg kan ikkje gjere magi. Eg kan ikkje bli konge.”

“Men prins…”

Artur var allereie på veg ut gjennom døra.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.