Prosjektet: 3

Anneli såg ut vindauget på skydottane som sakte svevde forbi. Ho klarte ikkje å konsentrere seg. Frå etasjen under høyrde ho foreldra krangle. Igjen. Ho skulle så gjerne flytta då ho byrja på universitetet, det var heilt på den andre sida av byen, men med den vaksande populasjonen av udyr der ute var innflyttinga til den trygge sida av bymurene større enn nokon gong, og ho hadde ikkje råd. Kvifor hadde ho utsett denne øvinga så lenge? Ho gjorde det kvar veke, og kvar gong sat ho ettermiddagen og kvelden og sleit. Professor Vu godtok ikkje at nokon av studentane hans kom utan å vere førebudd, og ho kunne ikkje gå glipp av ei førelesing. Stoffet var vanskeleg nok som det var.

I staden for å flytte ut hadde ho fått faren sin til å byggje ei lita leilegheit på taket. Ho hadde alt ho trong: ei seng, eit skrivebord, eit enkelt bad, og nokre skap. Vatn og eld kunne ho skape sjølv, det hadde ho lært allereie på ungdomsskulen.

Det var umogleg å konsentrere seg. Ho skulda på bråket, men visste eigentleg at det var noko anna som låg bak det. Likevel bestemde ho seg for å gå ein tur, frisk luft ville hjelpe, og når ho kom tilbake ville dei ha gitt seg. Då ville småsøskena hennar ha komme heim frå skulen, og krangling ville ikkje vere på tale.

Ho slang på ein cape over kjolen og ei enkel kyse, og klatra ned stigen til ho stod på fortauet framfor huset. Av ein eller annan grunn tok ho vegen mot skogen. Det var tryggare i sollyset, men ikkje så trygt at ein burde gå ut om ein ikkje hadde ein grunn til det.

Noko drog henne til seg. Ho forstod det ikkje før ho var langt ute i skogen og dei lyse, lette skyene ho hadde sett på samla seg til dei skapte eit tussmørke.

Ingen grunn til panikk, tenkte ho til seg sjølv, men kunne ikkje snu og gå tilbake likevel. Ho famla i skjørtelommene etter mobilen, men den var ikkje der. Føtene hennar leidde henne djupare og djupare inn blant trea.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.