Prosjektet: 12

Irina kviskra eit formular som gjorde at vaktene på bymuren ikkje ville leggje merke til henne. Ho hadde byrja å vurdere om ho skulle flytte inn i byen, særleg etter at ho jenta blei angripen. Det var ikkje trygt i skogen lenger.

Men ho måtte sjekke kva ho eventuelt flytta til. Reglar og konformitet, det visste ho, men ho ville vite korleis det såg ut. Murene var så høge, ho kunne ikkje sjå over dei, sjølv om ho hoppa. Ho kunne bruke magi, men sjansane var store for at det ville bli observert. Då kunne dei komme og finne henne i skogen, ta henne med til byen, setje henne i fengsel, til og med, kanskje.

Ho gjorde det likevel. Eit dusin eller så stavingar, og ho hadde ei usynleg plattform under føtene, ei plattform som steig sakte og tok henne opp i lufta. Ho prøvde å ikkje sjå ned, ikkje sjå på kroppen sin som ikkje var der, og bakken som blei lenger og lenger unna.

Folk i kjolar og frakkar, alle med hattar, nokre høge og rette, nokre runde og svarte, nokre av mjukt stoff og nokre av strå, som hasta fram og tilbake. Mange av dei hadde små lysande firkantar i hendene.

Husa stod tette og høge. Alt var grått, av stein, av skit.

Ho fikk plattforma til å gå ned igjen. Ho hadde sett nok.

Ei kvinne rei ut av byporten. Ho såg bort mot Irina, men sa ikkje noko. Ho hadde på seg ein kjole i raudt stoff, og kvit kappe, og vaktene bukka for henne.

Det var rart at dei ikkje stoppa henne, syntest Irina, det var ikkje lenge til solnedgang.

Det minte henne på å springe tilbake til hòla si.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.