Prosjektet som verkeleg treng eit namn: 11

Ein summelyd kom frå veska til Artur. Han hadde slengt den frå seg på golvet då han kom heim frå forelesinga. Han hadde dratt, han hadde ikkje så mykje val, men han nekta å gjere leksene eller øve meir.

Summelyden blei høgare. Det var sant, han hadde fanga den humla. Han opna eit vindauge for å sleppe den ut, men den flaug inn i rommet igjen, som om den ikkje ville ut. Den flaug i sirklar framfor han, ikkje som insekt pla gjere i det heile tatt.

“Kva er det, vesle humle?” sa han høgt, tok seg i det, såg seg rundt, men heldigvis var han aleine.

Humla stoppa, hang stille i lufta, som om den forsto kva han sa.

Han sette seg ved skrivebordet, opna ei gammal bok han hadde henta frå biblioteket, vonaleg utan at nokon såg han. Humla følgde etter. Han ville lese om familiehistoria, finne ut om dei alltid hadde vore magiske monarkar.

Humla summa langs linene i boka medan han las.

“Det er nesten så du forstår kva som er skrive,” sa han, og blei flau igjen, sjølv om det ikkje var nokon der.

Den flaug opp så den hang framfor ansiktet hans, dyppa ein gong, nesten som om den nikka.

“Forstår du kva eg seier?”

Den dyppa igjen. Ned og opp igjen.

“Fly opp.”

Den flaug omtrent tjue centimeter opp, hang der nokre sekund, kom ned igjen.

“Du må vere magisk.”

Den byrja å virre frenetisk rundt.

“Vent, eg forstår ikkje.” Den stoppa. “Er du eigentleg eit menneske?”

Den dyppa igjen.

“Er du nokon eg kjenner?”

Og igjen. Og igjen, til den nærast ramla overende og landa på boka.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.