Prosjektet (kvifor er eg så dårleg med titlar?): 13

Brede sette seg på skåla Artur hadde funne fram til han. Han saug opp litt jus, så mykje som den vesle humlemagen hans kunne halde på.

“No skulle eg ønskje eg kunne gjere magi,” sa Artur, han kviskra nesten, for han hadde fÃ¥tt rare blikk frÃ¥ tenarane som høyrde han før. “Det er ingen mÃ¥te eg kan gjere deg om til deg sjølv igjen.”

Det hadde vore vanskeleg nok å forklare prinsen kven han var og korleis han hadde blitt sånn. Til slutt, etter ein utstrakt mimeleik, hadde han funne ei oppslått bok og byrja å peike på bokstavar for å stave ord. Det var vanskeleg, særleg sidan han ikkje heilt hadde blitt van med synet til humla, men det var betre enn gjetting.

“Penelope kunne gjort det.” Artur slutta ikkje Ã¥ snakke om den yngre søstera si. Ho var betre enn han i alt, meinte han. Det var nesten sÃ¥ han vurderte Ã¥ abdisere for Ã¥ la henne bli dronning i framtida. “Men eg vil ikkje fortelje henne om deg. Kva om ho ikkje trur meg, og berre knusar deg?”

Om Brede kunne fått frysningar ville han gjort det. Det var mange ting den vesle kroppen kunne gjere som han ikkje hadde forventa likevel. Han kunne til dømes styre temperaturen sin mykje betre enn han kunne som menneske, mellom anna ved å vibrere flymusklane sine. Og å fly var mykje meir komplisert enn å berre flakse med vengene, som han hadde tenkt, vel, ikkje akkurat tenkt, hadde ikkje tenkt i det heile tatt.

Døra til arbeidsrommet til Artur slo opp, og Brede tumla ned frå skrivebordet og landa på golvet.

“Artur, om ikkje du skal bruke privatlærarane meir, kan eg ta over timane deira?”

“Sjølvsagt, Penelope, men du treng dei vel ikkje eigentleg?”

“Det seier du berre av di du ikkje veit noko om magi.”

“Det er ikkje sant. Eg kan masse av teorien.”

“Men du kan ikkje gjere noko, sÃ¥ det tel ikkje.”

“Ok, ok, berre ta dei, dei synest sikkert det er meir morosamt Ã¥ lære bort til nokon med potensiale uansett.”

Ho slamra med døra igjen, Artur sukka, og Brede flaug opp på bordet.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.