Hamløyparane: 16

“Opne døra! Vi kan høyre deg der inne!”

Anneli fraus midt på golvet. Ho kunne ikkje tru at Mira hadde gjort dette mot Ragnar, men ho ville bli mistenkt, det var ingen andre. Mira kunne utføre magi, det kom til å komme fram, og då kom politiet til å bruke det som motiv.

Folk hadde blitt fengsla for mindre.

“Mira!” kviskra ho. “Kva skal eg gjere?”

Mira kom ut frå badet, men blei berre ståande og stire, med eit tomt uttrykk i ansiktet.

“Eg kan skjule han med magi?”

Mira sperra auga opp, rista på hovudet. “Nei, dei kan detektere det.”

“Lukk opp! Elles kjem vi inn!”

“Ein augeblink!” ropte Anneli. Ho sprang til badet, tok eit stort handklede og tulla det rundt liket. Ho drog det inn på soverommet, høyrde døra opne, store føter trampe inn. Det var såvidt plass under senga. Liket var stivt og umedgjerleg, huda var ekkel å ta på, og gass hadde bygd seg opp så ho nærast kunne skyve huda rundt utan at kroppen følgde etter.

Ho hadde akkurat lukka skapdøra frå innsida då dei tunge skritta til politifolka og den nervøse stemma til Mira kom inn på soverommet.

“Nei, eg sver, eg har ikkje høyrd frå han sidan i går.”

“Kvifor melde du han ikkje som sakna?”

“Eg… eg veit ikkje.” Mira byrja å gråte.

“Kva med denne lukta?” sa politimannen.

Anneli kunne berre håpe at Mira klarte å tenkje nok til å finne på noko. Det klødde i fingrane hennar, ho ville berre springe ut og forsvare venninna.

“Eg kjøpte noko kjøt som blei dårleg.”

“Ja, det skjer.”

Skritta dei fjerna seg igjen. Anneli sleppte ut pusten. På tide å leggje ein meir permanent plan.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.