Hamløyparane: 17

Artur tok med seg Brede i eit syltetøyglas til neste forelesing. Han visste ikkje om han torde å spørje professor Vu om hjelp, han hadde aldri vore ein god student, og den einaste grunnen til at framleis fikk følgje kurset var tittelen.

Men Anneli kunne kanskje hjelpe. Ho hadde vore hjelpelærar for han før, i eit av farens desperate forsøk på å lære han magi. Ho var sinnsjukt god. Det var berre hans feil, vel, det var dei fullstendig manglande magiske genane hans.

Han var tidleg. Han fann ein plass nesten heilt nede ved kateteret, der Anneli satt. Ho hadde ikkje komme enn, som eigentleg var litt rart, men han tenkte ikkje så mykje over det, han var berre nervøs. Nervøs for at nokon skulle sjå Brede og ta livet av han. Nervøs for at nokon skulle sjå han snakke med ei humle og kalle han gal. Nervøs for at dei endeleg skulle kaste han ut.

Rommet blei sakte men sikkert fylt av studentar, dei plasserte seg i seteradane stort sett etter kor dyktige dei var. Det var berre eit par minutt igjen, professor Vu hadde allereie komme og byrja å ta ut overhead-arka av veska. Artur heldt auge med døra, og blei skuffa kvar gong den opna seg.

Han kviskra til jenta ved sida av seg. “Har du høyrd frÃ¥ Anneli? Kjem ho ikkje i dag?”

“Veit ikkje, ho har ikkje sagt noko, men ho var ikkje pÃ¥ kollokvie i gÃ¥r, sÃ¥ kanskje ho er sjuk eller noko.”

“Kanskje. Takk uansett.”

Ho kom ikkje heile forelesinga.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.