Dag 19

Ord totalt: 31737

Buss Agadir-Laayoune. Yay. Ti timar.


Pulsarina hadde òg bede dei kongelege skreddarane om å sy innbrotskostyme til dei. Svarte ettersitjande drakter og maasker som dekka dei lyse andleta deira. Etter middag vr dei ferdige, og sjå korleis dei såg ut. Heltepetter angra bittert på den ekstra porsjonene med karamellpudding, medan Pulsarina plutseleg såg veldig feminin og fin ut.

Pulsarina leidde Heltepetter til baksida av det gigantiske huset. Dei måtte klatre over ein låg murvegg, pg landa i ein rosebusk. Rettare sagt: Pulsarina landa ved sida av rosebusken, Heltepetter midt oppi. Han måtte bite seg i leppa for å ikkje lage masse lydar når tornane reiv flengar i huda hans. Så byrja han sjølvsagt i blø frå leppa, og beit seg i fingeren for å ikkje banne. Det heile enda i ein massakre.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.