Dag 14

Ord i dag: 1781
Ord totalt: 23 657

23657 / 50000 words. 47% done!

Som venta kom eg til slutten av “novella” i dag. Skreiv faktisk ordet SLUTT med store bokstavar, berre for å markere det.

Tenkjer å prøve meg på noko komisk no, og har kikka på nokre “ikkje skriv dette i fantsy”-lister for inspirasjon (mellom anna her og her).


Ho har langt, blondt hår. Det heng fritt rundt skuldra hennar, det rører seg så vidt i ein bris som ikkje finst. Ho har pene klede, støvlar med hæl, ho bestiller ein kaffi høyrer eg, et er ein kaffi latte og ho smiler breitt til fyren bak disken. Han er ganske pen, men eg merkar at eg blir sjalu på han, at ho smiler til han, og eig skjønar ikkje kvifor. Ho snur seg, skal tli å gå ut. Så får ho auge på meg, og stoppar. Ho stoppar ikkje elegant, sånn som sånne jenter kan gjere, der dei stansar av di noko er i vegen for dei, og så går dei vidare som om du ikkje er verd noko. Denne jenta stoppar brått, ho svaiar som om ho skal til å falle. Eg strekk ut ein arm for å støtte henne, men trekk den raskt tilbake, før eg tar borti henne, det tar seg ikkje ut. Det er ikkje lov å gå rundt og ta på jenter, særleg jenter ein ikkje kjenner.
Ho stirar på meg. “Kjenner eg deg?”
“Nei,” seier eg, “eg trur ikkje det.”
“Kva heiter du?”
“Eidar.”
“Nei, du har rett.”
SLUTT

Leave a comment