Dag 17

Ord i dag: 2890
Ord totalt: 28193

Skriv til dykk frå Marrakech.

5 timar fly = med litt disiplin, masse ord. Nesten der eg skulle vore i dag. Yay for meg.

Dette blir òg ei veeeldig lang novelle. Vops.


Ingen kom for å redde dei. Det var skuffande, nokre riddarar på skinande kvite hestar burde ha komme brasande ut av skogen med ei vogn for å ta dei med dit dei ville. Ingen kom, så dei var nøydde til å reise seg igjen og gå vidare.

Rundt svingen kunne dei sjå ned på dalen under dei. Midt i dalen låg ein stor by. Heltepetter hadde aldri sett så mange hus saman, og så mange folk. Eit tynt grått band låg rundt byen. Det måtte vere muren Fotonetta hadde snakka om.

Leave a comment

Dag 16

Ord i dag: 731
Ord totalt: 25303

25303 / 50000 words. 51% done!

Litt distrahert i dag. Gjorde ferdig pakking, jobba overtid, henta keyboard i Asker med Ingeborg… Satsar på å ta igjen to dårlege dagar på flyet i morgon, eg.


“Velkommen!” sa den, med ei skingrande stemme den prøvde å gjere djupare, “til VISDOMSDRAGENS GROTTE!” Dei siste orda ropte den.

Leave a comment