Dag 18

Ord totalt: 30062

Skreiv litt på kafé i Marrakech, resten på bussen til Agadir.

Eg skjønar ikkje kvifor eg ikkje klarar å skrive ei novelle i novellelengde. Anten må eg kutte valdsamt, elles må eg leggje til frykteleg mykje. Vanskelege greier, altså. Og denne er ganske morosam å skrive, må nok jobbe litt meir med humoren.


”Du seier noko der. Lat oss finne ei tavle der vi kan klistre opp meiningslause bilete og setje kryss over edi etter kvart som vi finn ut at dei har alibi.”
”God idé.”
Det einaste rommet dei fann som dei kunne bruke var soverommet til Pulsarina. Heltepetter hadde aldri vore på soverommet til ei jente før. Vel, han hadde delt rom med småsøstrene sine, men dette var ei Jente. Med stor J. sjølv om ho hadde kort hår og gikk med bukser og sverd, kribla det litt i underbuksene til Heltepetter. Men det kunne vere den fancy såpa han hadde brukt på det kongelege gjestebaderommet.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.