Dag 13

Ord i dag: 3524
Ord totalt: 21876

21876 / 50000 words. 44% done!

Er endeleg der eg skal vere! Dagens mål var 21667, så eg er offisielt over, for første gong.

Men no er “novella” eg har skrive på så langt snart ferdig. Gjettar på at eg blir ferdig i morgon, elles overimorgon. Då må eg finne på noko nytt å skrive om. Jaja. Eg har gleda meg til å ha ein annan hovudperson, då. Så det blir bra. Kanskje.


Ho reiser seg igjen, tar handa mi og drar meg opp etter seg. “Kva har skjedd?”

Eg vil ikkje snakke om det, så eg seier berre, “Eg drepte henne.”

“Kven? Kvifor?” seier ho.

“Lysdama,” seier eg, og det stikk igjen at eg aldri spurde henne kva ho heitte. “Ho ville.”

“Å,” seier ho, “då så,” seier ho, som om det er heilt normalt.

Leave a comment