Dag 30

Sidan eg ikkje har noko NaNoWriMo å blogge om i dag, tenkte eg at eg kunne vise fram appelsinjulekalenderen eg har laga til meg sjølv.

Her byrjar eg å putte nellikspiker inn i appelsinen. Eg har hatt dei sidan eg budde i Trondheim, trur eg. Eg har tatt dei fram ein gong i mellom og lukta på dei. Dei luktar jul.

Her er det fleire spiker i.

No er alle inne. Eg prøver filteret “depth of field” på mobilkameraet mitt.

Og her har eg funne eit fint band og hengt opp appelsinen i vindauget, og prøver eit nytt filter på kameraet.

Så, god advent, eller noko!

Leave a comment