Ord totalt: 33364
På hotell i Laayoune. Dette går trått.
Då helten hadde pesa seg opp alle trappetrinna fann han tjuven på rommet der dei hadde lagt frå seg Pulsarina.
”Kvar har du gjort av henne?” sa Heltepetter, for ho var ikkje der.
”Eg? Kvar skulle eg gjort av ei heil jente?” sa tjuven, indignert.
”Du er tjuv, er du ikkje det?”
”Eg takkar for rosen, men fullt så god er eg ikkje. Det er ingen tjuvar som er det, du må i så fall få tak i ein tryllekunstnar. Eller ein trollmann, sjølvsagt, men eg har høyrd at dei er forferdeleg dyre.”
”Å,” sa Heltepetter. ”Kva skal vi gjere no, då?”
”Vi skal finne henne og redde henne, sjølvsagt,” sa tjuven.