Dag 15

Ord i dag: 915
Ord totalt: 24572

24572 / 50000 words. 49% done!

Ny novelle! Prøver meg på litt kortare denne gongen, veit ikkje om det går, det går ganske sakte no i starten, i alle fall. Prøver å skrive litt Pratchett-sk, for det har eg ikkje gjort før.

Mykje skjedde. U-flinke Tone.


Ei ku står i vegen for følgjet før dei kjem inn i sjølve landsbyen. Kuene veit å aldri gå inn i landsbyen, det er inga faktisk grense, men alle veit kva som er landsby og kva som er utanfor. Eit par gonger i året kjem det tilreisande til landsbyen som ikkje forstår dette – meir gjennomreisande, altså, særleg når landsbybuarane skjønar kor uforståande dei utanforståande er.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.