Planar for pengane eg får tilbake på skatten

Eg får ca. 14 000.

Leige juni og juli: ca. 11 000.
Tom McRaes CD: ca. 150 kr (kva kostar eigentleg CD-ar om dagen?)
Valkyrien Allstars CD: ca. 150 kr
Abonnement på Doctor Who Magazine: 900 kr
Båtførarbevisduplikatgebyr: 310 kr

= 12 510 kr

Då har eg 1 500 å leve på. Men eg skal berre klare meg fram til 6. juli.

Det eg gløymde var ost. Eg trur ikkje Ola kjem til å kjøpe ost. Så då må eg kjøpe ost når eg får tilbake pengar på skatten. Eg gler meg. Mange ting vert betre med ost.

1 Comment

30 days: (29) planar og håp

Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days

Nest siste dagen i dag. Her kjem planar og håp for det komande året.

Jobb/MÃ¥lungdommen
Eg vonar eg finn meg til rette og trivst på kontoret. Eg vonar eg føler at eg får gjort noko. Eg vonar eg vil føle meg nøgd og glad på slutten av året.

Studie
Eg vonar eg får tatt ARA2121 (språkhistorie, dialektologi og noko sånt) på våren. Eg vonar eg får opp motivasjonen for å gjere eit år med fransk.

Reising
Eg vil til Roma. Eg vil til San Francisco. Eg vil til Damaskus. Eg vil til Palestina.

Venskap
Eg vonar eg får heldt oppe kontakten med vener. Eg vonar eg får nye vener. Eg vonar eg er god med venene mine.

Kjærleik
Eg har gitt opp kjærleik. Samstundes har eg sjølvsagt alltid håp, ein bisarr, masochistisk stad inne i meg.

Day 30 → Whatever tickles your fancy

1 Comment