30 days: (21) oppskrift

Day 21 → A recipe

Eg gløymde heilt dette i går. Eg gløymde det nesten i dag òg, eg les til franskeksamen i morgon. Eg slutta å gå på førelesing i januar, men eg har levert dei to kvalifiseringsoppgåvene og fått dei godkjend, så eg må jo opp til denne herre eksamen, då. Eg satsar på E. Då får eg studiepoeng og stipend, og kan ta opp faget når eg er meir motivert for fransk.

Eg kunne ikkje bestemme meg for kva for oppskrift eg skulle velje, så de får to. Den første er ei oppskrift på bollar frå Tine, dei er veldig gode, og vert nesten aldri mislykka uansett kva du gjer. Den andre er vaflar frå Bestemor, og om ikkje dei er hennar, så er dei i alle fall Mamma sine. Arv her, altså.

(Oppskriftene i kokeboka mi er diverre på bokmål. Eg set dei om for dykk.)

P1010633

Bollar
100 g smør
4 dl mjølk
1 pk (50 g) gjær eller 1 pose tørrgjær
1 dl sukker
1/2 ts kardemomme (eg elskar kardemomme)
1/2 ts salt
1 ts bakepulver (bakepulveret gjer oppskrifta spesiell og fantastisk)
Ca 1 l kveitemjøl
Ca 1 dl mjøl til utbaking
1 egg til pensling

Steik på 225 grader i midten av omnen i 10-15 minutt.

Vaflar
3 egg
6 ss sukker
Pisk til eggedosis. Dette kan ein hoppe over om ein ikkje har hjulvisp eller miksmaster, men vaflane vert luftige og saftige når dei er laga på eggedosis.
300 g mjøl
1 ts bakepulver
1 ts kardemomme
4 dl mjølk
150 g smelta margarin

Etter å ha budd med Ola har eg lært at vaflar kan serverast med alt. Prøv deg fram, ver eventyrlysten!

Day 22 → A website
Day 23 → A YouTube video
Day 24 → Whatever tickles your fancy
Day 25 → Your day, in great detail
Day 26 → Your week, in great detail
Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

Leave a comment