30 days: (29) planar og håp

Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days

Nest siste dagen i dag. Her kjem planar og håp for det komande året.

Jobb/MÃ¥lungdommen
Eg vonar eg finn meg til rette og trivst på kontoret. Eg vonar eg føler at eg får gjort noko. Eg vonar eg vil føle meg nøgd og glad på slutten av året.

Studie
Eg vonar eg får tatt ARA2121 (språkhistorie, dialektologi og noko sånt) på våren. Eg vonar eg får opp motivasjonen for å gjere eit år med fransk.

Reising
Eg vil til Roma. Eg vil til San Francisco. Eg vil til Damaskus. Eg vil til Palestina.

Venskap
Eg vonar eg får heldt oppe kontakten med vener. Eg vonar eg får nye vener. Eg vonar eg er god med venene mine.

Kjærleik
Eg har gitt opp kjærleik. Samstundes har eg sjølvsagt alltid håp, ein bisarr, masochistisk stad inne i meg.

Day 30 → Whatever tickles your fancy

1 Comment

  1. Eva says:

    Du vil få gjort mykje bra på skrivarstova. Berre hugs at om lag halvparten av jobben er administrasjonstinga. Dvs, viss folk trur at dei ikkje treng deg, har du gjort ein god jobb, for då går alt på skinner. Utover det har du mykje tid til å gjera bra ting for nynorsken og målungdomen, og det kjenst veldig fint. Og so får du treffa mange artige folk, både organisasjonsmenneske, skuleelevar, målrørslefolk og medlemene våre.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.