Tankane hans summa på veg ut av forelesninga. Endeleg hadde han all informasjonen han trong for å starte transformasjonen. Professor Vu hadde gått gjennom dei naudsynte energimengdene dei siste vekene i MAG2110 Teoretisk magi, og kommentert at éin person ikkje hadde nok kraft til å fullføre formularet, det måtte fleire til som jobba i sirkel.
Brede tråkka inn på hybelen, hengte frå seg hatten og frakken i gangen og klemte seg forbi samlinga med oljefat til han kunne ta steget opp i senga. Det var ikkje lenger plass på golvet til å stå.
Han løfta lokket av det næraste fatet. Før han hugsa på å trekkje ansiktet tilbake trefte syredampen han, og han spytta nesten oppi. Messingrøyr og fjæra kablar låg kveila rundt innsida. Nokre boblar steig raskt til overflata og sprakk. Alt var klart.
Med kvar ende av seriekoplinga festa til kvar si hand gikk han inn i transe. Han messa orda til transformasjonsformularet om og om igjen, kvar gong med den lille differansen som skulle til for å oppretthalde alle delane av transformasjonen.
Endeleg skulle han fly. Han kunne kjenne vinden over vengene hans allereie, der han sat med beina i kors på den smale, harde senga. Som falk skulle han sveve over byen og sjå ned på alle som tvilte på han.
Lyset eksploderte gjennom kroppen hans, musklane hans stivna, og han byrja å krympe.
Ei veldig summing omgav han. Han såg seg rundt, men verda kom ikkje inn slik den skulle. Alt rundt han var veldig, veldig stort, og han svevde liksom over sengeteppet. Han flaug inn på badet han delte med dei tre andre studentane, la ikkje merke til at han kom seg enkelt gjennom sprekken under døra, landa på hylla framfor spegelen.
Hadde han kunna gispe hadde han gjort det. Han hadde blitt til ei humle.